Hopp til innhold

MDG mot stortingsplass i oljefylket

Viss NRK si ferske supermåling blir valresultat, får Miljøpartiet Dei Grøne stortingsplass frå Rogaland. Og det er ikkje det einaste oppsiktsvekkande med målinga.

Ulrikke Torgersen

Ulrikke Torgersen (MDG) har drive valkamp med eit mål om å stanse oljeaktiviteten – i oljefylket. Likevel kan partiet hennar få eit utjamningsmandat i Rogaland, ifølgje NRK si siste supermåling.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det er veldig motiverande å sjå, seier førstekandidat for MDG i Rogaland, Ulrikke Torgersen.

I NRK si siste supermåling før valet er det fleire overraskingar i Rogaland.

Arbeidarpartiet, som har auka oppslutninga si i kvar NRK-måling i år, går endå litt meir opp. Og for første gong er dei forbi Høgre, som har gått litt ned for kvar måling. Framgangen for Frp held fram.

Og MDG kan sjå ut til å få plass på Stortinget – på utjamningsmandat. Frå oljefylket. For første gong i historia.

Meningsmåling september 2021 for Rogaland

Endring sammenlignet med august 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 2.7% (endring: -1.2
SV: 5.7% (endring: +1.6
AP: 24.2% (endring: +0.9
SP: 8.3% (endring: -1.5
MDG: 3.6% (endring: +0.6
KRF: 8.4% (endring: +3.8
V: 3.3% (endring: +0.9
H: 23.3% (endring: -1.7
FRP: 18.3% (endring: +0.8
Andre partier: 2.2%
Utført av Norstat 2.–7. september600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

I Rogaland dreier mykje næringsverksemd seg om det som går føre seg på norsk sokkel. I fylket har også mange innbyggarar jobbane sine knytt til dette.

Ap med største partigruppe frå Rogaland

Der har Torgersen, som kjem frå eit parti som vil ha Noreg ut av olja, drive valkamp.

– Eg har ikkje fått så mykje kjeft. Folk er generelt ganske hyggelege og imøtekommande, seier ho, og trekk fram unge og vaksne som er bekymra for barna si framtid som særleg moglege MDG-veljarar.

FNB og MDG

I kommunevalet i 2019 skreiv MDG også historie. Då gjekk dei saman med Ap, SV, Raudt, FNB og Sp om eit «valteknisk samarbeid». Her er Frode Myrhol (FNB), i midten Daria Maria Szymaniuk (MDG) og ho som kort etter blei ordførar, Kari Nessa Nordtun (Ap).

Foto: Carina Johansen / Stavanger Aftenblad

For to år sidan var MDG eit av partia som gjorde at Stavanger igjen kunne få ein annan politisk farge enn blå. Det kommunevalet blei også historisk.

Tom Kalsås, Ap, Rogaland, stortingskandidat, Halvnært

Tom Kalsås, Aps fjerdekandidat i Rogaland.

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Ein annan som er nøgd med målinga, er Ap sin fjerdekandidat i Rogaland, Tom Kalsås. For andre måling på rad ser partiet ut til å få fire stortingsplassar frå Rogaland.

I den siste målinga får dei ei oppslutning på 24,2 prosent. Med eit slikt valresultat vil Kalsås vere sikra plass på Stortinget, og Ap vil ha den største partigruppa frå Rogaland.

Mandatfordeling september 2021 for Rogaland

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
AP: 4 mandater, endring 0
H: 3 mandater, endring -1
FRP: 3 mandater, endring 0
SV: 1 mandat, endring +1
SP: 1 mandat, endring 0
KRF: 1 mandat, endring 0
R: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 2.–7. september600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Rogaland. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Rogaland gått til Miljøpartiet de Grønne

Les mer om NRKs meningsmålinger

– Dette gir motivasjon til å gjere ein ekstra innsats dei siste dagane. Vi må stå på heilt til siste slutt, seier han.

Høgre: – Sjølvsagt ikkje nøgde

Slik er det ikkje heilt for Høgre. I første måling, i april, blei dei sett på som vinnarar. Då fekk dei 30,6 prosent, litt meir enn i 2017-valet. Så gjekk dei ørlite ned i juni. Og ein del meir i august.

I september fekk dei 23,3 prosent, noko som betyr at dagens fire personar store stortingsbenk berre har plass til tre. Og fjerdekandidat Aleksander Stokkebø mistar sin stortingsplass.

– Dette er sjølvsagt ikkje noko vi kan seie oss nøgde med. Målet vårt er heilt klart: Vere det største partiet i Rogaland, seier han.

Iselin Nybø, Aleksander Stokkebø og Olaug Bollestad

Aleksander Stokkebø frå Høgre, her med Iselin Nybø (V) og Olaug Bollestad (KrF). Venstre aukar med 0,9 prosent samanlikna med førre måling, men KrF aukar meir. I målinga får dei 8,4 prosent i Rogaland – 3,8 prosentpoeng meir enn sist månad.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Tre dagar før valet har ikkje MDGs Ulrikke Torgersen tenkt å slappe av. Mest av alt håpar ho at flest mogleg stemmer.

– Det kjem til å bli nervepirrande, og det kjem til å bli ein kamp heilt til målstreken. Derfor er så viktig å få alle til å bruke stemmeretten sin og stemme på partiet dei meiner har dei beste løysingane, og ikkje bli sofaveljarar, seier ho.