– Partiet hadde utspel som gjorde at me sette oss på sidelinja, og aldri blei vurderte som moglege samarbeidspartnarar for regjeringa, seier gruppeleiar i Stavanger, Daria Maria Szymaniuk.
Ho tenkjer då på at Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) stilte ultimatum i valkampen. Landsstyret kravde stans i all oljeleiting, for å gå inn i samarbeid med andre parti.
Ser annleis ut i vest
Szymaniuk tar imot nestleiar Arild Hermstad på togstasjonen i Stavanger.
Hermstad har fått jobben med å finne ut kva som gjekk gale i valkampen som i stor grad handla om klima og miljø. Men der MDG enda under sperregrensa.
I Stavanger samarbeider MDG med seks andre parti, deriblant Folkeaksjonen mot bompengar og Senterpartiet.
– Likevel klarar me å gjera byen grønare, meiner Szymaniuk, og nemner storstilt sykkelvegbygging og semje om å kutte klimautslepp med 80 prosent innan 2030.
Møtte representant for oljebedriftene
For verkeleg å gni det inn at MDG i Rogaland er ueinig med leiinga i partiet, har dei invitert med seg nestleiar Hermstad på eit møte med NHO i Stavanger.
Slik at han skal forstå kor viktig oljenæringa er i fylket.
Det sette regiondirektør Tone Grindland pris på.
– Eg trur at det er ein god strategi for MDG å bli kjent med Rogaland og å gå tettare på næringslivet, seier ho.
Kjenner igjen kritikken
– Kritikken mot oljeultimatumet er ikkje overraskande. Det er mange i MDG utanom oslopartiet, som meiner det var feil, seier Lars Nehru Sand, politisk kommentator i NRK.
Han reknar også med at det kjem ein debatt i partiet om samarbeid med andre parti på Stortinget.
– Men MDG er grunnlagt på liten kompromissvilje i miljøsaker og kjem nok til å fortsetja å vera det mest radikale grøne partiet, seier Nehru Sand.
Inga enkel evaluering
Johannes Bergh er valforskar ved Universitetet i Oslo. Han er usikker på om ein meir samarbeidsviljug strategi i valkampen hadde gitt fleire stemmer til MDG.
– Noko av suksessen til partiet ligg i at dei er kompromisslause. Det er slik dei tiltrekker seg unge og engasjerte veljarar, seier han.
Bergh peikar i staden på SV og Venstre som viktige årsaker til at MDG ikkje gjorde så godt val som venta.
– Dei partia blir også sett på som miljøparti av veljarane. SV, for eksempel, står for større utjamning og mindre inntektsskilnader. I tillegg er det eit miljøparti, seier Bergh.
Havarikommisjonen i arbeid
MDG fekk inn tre stortingsrepresentantar, mot ein i sist periode. Likevel meiner fleire fylkeslag at det blei gjort feil i valkampen.
– Eg var nettopp i Kristiansand og eg kjenner igjen nokre av argumenta derfrå, seier nestleiar Arild Hermstad.
Han lovar å vurdere om det var rett å stille ultimatum på stans i leiting av olje.
Når det gjeld kravet om meir samarbeid med andre parti på Stortinget er han meir tilbakehalden.
– Etter vår meining krev det radikale grep å stanse klimautviklinga. Då opplever me at andre parti ikkje vil samarbeide med oss, seier Hermstad.