NRK Meny
Normal

Mattilsynet har fått 50 uromeldingar

Mange har kontakta Mattilsynet fordi dei er uroa over helsetilstanden til 42 hestar på ein gard på Mydland i Sirdal. Eigarane har vore i søkelyset for dårleg husdyrhald sidan 2003.

Mange har kontakta Mattilsynet fordi dei er uroa over helsetilstanden til 42 hestar på ein gard på Mydland i Sirdal. Eigarane har vore i søkelyset for dårleg husdyrhald sidan 2003.

Fleire av hestane på garden i Sirdal ber preg av å ha fått for lite mat. No følgjer Mattilsynet tett med på hestane sin tilstand.

NRK har i sommar fortalt om to hesteeigarar i Sirdal som har blitt pålagt å fôre opp fleire av hestane sine, fordi Mattilsynet meiner hestane er delvis magre eller avmagra.

No fortel Mattilsynet at dei har fått om lag 50 uromeldingar frå folk som har passert garden, og sett kva tilstand hestane har vore i.

Tilsynet har i det siste vore på fleire kontrollar på garden.

Odd Ivar Berget

Odd Ivar Berget i Mattilsynet seier at dei følgjer med på tilstanden til hestane.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Mattilsynet var på staden på måndag, då inspiserte me 32 av hestane, for å forsikra oss om at dei no får tilstrekkeleg med mat, seier Odd Ivar Berget, avdelingssjef i Mattilsynet Sør-Rogaland.

Vil ha nytt tilsyn

Mattilsynet har gitt beskjed om at fleire av hestane må få meir mat, men dyra ser betre ut nå.

Likevel var det ti av dei 42 hestane som dei ikkje fekk kontrollera då dei møtte opp på garden i forigårs.

– Førebels så veit me ikkje kva tilstand desse ti hestane er i. Me bad om å få sjå hestane på måndag, men det fekk me ikkje. Og me har no gitt eigarane eit pålegg om å framstille hestane på eit gitt tidspunkt, seier Berget.

Mager hest i Sirdal

Ein av hestane på garden i Sirdal.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Greidde ikkje å samla hestane

Eigarane av hestane vil ikkje uttale seg, men advokaten meiner at det var gode grunnar til at dei ikkje viste fram dei ti hestane for kontroll.

– Det er ikkje riktig at dei ikkje kunne, eller ville vise dei fram. Dette er hestar som går i eit utmarksområde. Dei greidde difor ikkje å samla dei, og det fekk Mattilsynet beskjed om, seier eigarane sin advokat, Svein Ueland.

Svein Ueland

Svein Ueland er advokaten til eigarane av hestane.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Hestehaldet blir opplevd å vera så dårleg, at folk nå sender eigarane alvorlege trugslar på sosiale medium.

Nokre av desse meldingane er så grove at dei er vidaresendt til politiet, opplyser advokaten.

– Dei kjenner seg ikkje igjen i dette, og dei blir utsette for ein mobbekampanje, ein trakassering, som gjer at dei no er sjuke, seier Ueland.

Vurderer fleire tiltak

Eigarane har vore i søkelyset for dårleg husdyrhald sidan 2003, og Mattilsynet har fått kritikk for at dei ikkje har gjort nok for hestane.

Mattilsynet lovar at dei vil følgje tett med på tilstanden til hestane i tida framover. Og andre tiltak overfor eigaren kan bli aktuelt.

– I alvorlege saker vurderar me alltid om det skal meldast til politiet. Men i første omgang sørger me for at dyra blir tekne godt vare på, og så blir det vurdert eventuelle tiltak overfor dyreeigar, seier Berget.