Hopp til innhold

Måtte venta på ferja i over fire timar

Kraftig vind gjorde at ferjene over Boknafjorden i dag gjekk frå Mekjarvik. Det førte til lange køar, og Else Marit Morsund var blant dei som måtte smøra seg med tolmod.

Kø Mekjervik

Slik såg det ut på ferjekaia i Mekjarvik rundt klokka seks i ettermiddag.

Foto: Rebeca A. Bjerga / NRK

– Det har vore ein lang dag. Eg har sete lenge og venta her på Mekjarvik, seier Else Marit Morsund.

NRK snakkar med henne klokka halv ni torsdags kveld, då har ho venta på ferja sidan klokka halv fem på ettermiddagen.

Else Marit Morsund

Else Marit Morsund måtte venta i fleire timar på ferja.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det er litt trasig å bli ståande og venta så lenge, fordi det er ingenting som er lagt til rette her. Det går ikkje an å kjøpa noko å drikke eller eta, og det er ikkje toalettpapir på toalettene, seier Morsund.

Lange køar

Den kraftige vinden torsdag førte til at ferjene over Boknafjorden måtte gå frå Mekjarvik i staden for Mortavika. Den turen tek ein time og førti minutt, og det førte til lange køar.

Morsund blei ståande i køen på veg heim til Fitjar i Hordaland, og ho kunne ikkje gjera anna enn å venta.

Eg kan ikkje snu, fordi eg må heim. Men eg ser at det er mange andre som gjer det.

Folk har venta i fleire timar for å koma med ferja over Boknafjorden.

Mykje bil seint på kvelden

På den andre sida av fjorden har det også vore lange køar. Når NRK snakkar med terminalen på Arsvågen klokka 21:30, er det framleis mykje bil på ferjekaia. I tillegg er ferja som går forsinka.

– Ferja som skulle ha gått frå Mekjarvik klokka ni, gjekk ikkje før halv ti, seier billettør på Arsvågen, Veronica Strøm.

Men sjølv om den ikkje gjekk på tida, var Morsund høgst truleg ombord.

– Eg var den siste bilen som ikkje kom med på sist ferje, difor står eg no som nummer ein i køen, så no håpar eg at eg kjem med.

Først i eitt-tida i natt vil ho vera heime i Fitjar.

– Det skal bli godt å koma heim, avsluttar ho.

Klokka 23:30 vil Fjord1 ta ei ny vurdering på om ferjene igjen kan gå frå Mortavika.