Hopp til innhold

Måtte fjerna banner – får likevel ros

«Føkk fira felt» stod det på bannaren som blei for grov for bystyret i Haugesund. Likevel er politikarane glade for å sjå det levande engasjementet til Haugesund-ungdommen.

Demonstrasjon i Bystyret

Onsdag kveld demonstrerte ungdomspartia og Natur og Ungdom mot firefeltsveg i Karmsundgata i bystyresalen i Haugesund.

Foto: Bjarne Heyerdahl Sætrang

Ordførarkandidatane frå alle parti i bystyret i Haugesund applauderer engasjementet til ungdomspartia og Natur og Ungdom, som onsdag kveld aksjonerte mot firefeltsveg i Karmsundgata i Bystyresalen. Men banneret med påskrifta «Føkk fira felt» måtte fjernast, då dette var i strid med bystyret sine reglement.

Støtte frå motstandar

Framstegspartiet er for firefelts veg, men Svein Erik Innbjo synst likevel engasjementet til dei unge er bra.

– Det er fantastisk bra at dei engasjerer seg. Det endrar likevel ikkje standpunktet mitt, seier Innbjo.

– Dei varslar fleire demonstrasjonar framover i eit bystyre som du mest truleg blir ein del av. Kva tenker du om det?

– Det syner berre at dei har eit ærleg og ekte engasjement, noko som er bra. Men hos meg vinn dei ikkje fram, seier han.

– Det er me som skal bruka vegen

Hanna Andersen frå Grønn Ungdom meiner politikarane bør tenka på kven som er framtida til Haugesund.

– Det er me som kjem til å bruka vegen i framtida. Dei vala som politikarane tek i dag, er det me som skal leva med. Derfor håper eg dei høyrer på oss, seier ho.

Fleire titals ungdommar møtte opp. Likevel vanka det ikkje så mange underskrifter frå politikarane. Saka om firefeltsveg blei vedteken med knappast mogleg fleirtal i bystyret i vår. Venstres May Britt Vihovde stemte mot, og støtter derfor ungdommane.

– Det er kjempeflott at ungdommen er opptekne av miljøsaker. Dette er ei viktig miljøsak, og me høyrer på engasjementet deira og støttar synspunktet. Me vil ha utgreiing om alternativ til fire felt gjennom Karmsundsgata, me vil ha fokus på sykling, gåing og auke i kollektivtrafikken, seier Vihovde.