NRK Meny
Normal

Måtte fanga ål på sykkelsti

Teknisk avdeling i Randaberg kommune fekk seg ei høgst uvanleg utfordring etter det kraftige regnvêret på torsdag. Dei måtte fanga to ålar frå sykkelstien.

Ål på sykkelsti

Sveinung Lein i Randaberg kommune fekk fotografert ålen før dei slapp dei tilbake i Kvernevikbekken, som hadde gått over breiddene sine.

Foto: Randaberg kommune

Dei to ålane hadde hamna på sykkelstien då Kvernevikbekken gjekk over breiddene sine i går. I dag hadde vatnet gått tilbake, og kommunen skulle fiksa vegen. Det var då dei oppdaga det høgst uvanlege.

– Det rann som ei elv på sykkelstien, og då vatnet forsvann låg det to ålar der. Det var litt artig. Og me fekk hjelpt dei tilbake i bekken, fortel Sveinung Lein i Randaberg kommune.

Dei la i dag ut denne videoen på Facebook-sidene sine, som viser korleis dei fanga den eine ålen.

Ål på sykkelsti

Det kraftige regnet gjorde at ein forvirra ål måtte få hjelp av kommunale redningsmenn ...