Hopp til innhold

Måtte bergast ned frå fjell med helikopter

Politiet fekk i natt telefon frå ein mann frå Ungarn. Han var kald og blaut og fann ikkje vegen heim frå fjellet i ved Dale i Sandnes.

Redningsaksjon ved Dale

Her er bilete frå redningsaksjonen som skjedde i 3-tida i natt.

Foto: Ronny Hjertås

Ein 22 år gamal mann frå Ungarn blei i natt berga ned frå fjellet ved Dale i Sandnes med hjelp av redningshelikopter.

Det var 22-åringen sjølv som varsla naudetatane om at han var kald og våt og ikkje fann vegen ned frå fjellet. Politiet sende først ein hundepatrulje, men då det var bratt og uframkomeleg der han var blei Hovudredningssentralen kopla inn.

Dei sende ut helikopteret.

– Sjølve redningsaksjonen var utan dramatikk, og ungararen, som er busett i Sandnes, fekk helsesjekk i helikopteret og deretter blei han sendt heim, opplyser Børge Galta som er redningsleiar ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.