Hopp til innhold

Måtte avlive 427 mink: Bonde dømt til fengsel i seks månadar

Ved eit tilsyn på garden måtte meir enn hundre mink avlivast. Da Mattilsynet kom på nytt tilsyn åtte månadar seinare, måtte meir enn 300 dyr avlivast.

Mink

STORE SKADAR: Fleire hundre mink hadde skadar og sår, og dei hadde ikkje fått nok mat og vatn. Bonden er dømt for forholda.

Foto: Mattilsynet

Bonden som driv garden er i Jæren tingrett dømt til fengsel i seks månader. Dommen blir anka.

Det var under tilsyn i 2017 og 2018 at Mattilsynet fann til saman 573 mink som alle hadde store sår og skadar. Dyra hadde heller ikkje fått nok mat og vatn. Fleire var svært sjuke, og 427 dyr måtte avlivast.

Ifølgje den ferske dommen frå Jæren tingrett har bonden brote dyrevelferdslova. Straffa var i utgangspunktet fengsel i ti månadar, men den blei redusert på grunn av lang saksbehandlingstid.

Bonden har ein gard i Rogaland, og driv med både storfe og pelsdyr. Han har hatt gard sidan 1999, og fram til 2017 fann Mattilsynet aldri alvorlege avvik.

Men under eit tilsyn over to dagar i oktober 2017 oppdaga dei 202 mink med store sår og bittskadar. 88 av desse dyra blei isolerte, medan 114 måtte avlivast.

Også i juni 2018 kom Mattilsynet på inspeksjon. Denne gongen fant dei 313 mink med så omfattande sår og skadar at dei måtte avlivast.

Mattilsynet måtte tilkalla hjelp frå Rogaland pelsdyravlslag under begge tilsyna.

Mink med skade

Dette er blant dyra som Mattilsynet fann på garden: Ein avmagra minkkvalp med eit stort sår i staden for hale.

Foto: Mattilsynet

Mattilsynet: Ei trist sak

I Mattilsynet er dei nøgd med dommen, seier seksjonssjef Guro Myhrene.

– Men det er også ei trist sak. Mange dyr har lidd unødig. Det har skjedd eit alvorleg brot på dyrevelferdslova og unnlating av stell av dyr, seier Myhrene.

Guro Myhrene

Seksjonssjef Guro Myhrene i Mattilsynet Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord.

Foto: Mattilsynet

Mattilsynet meiner saka er spesiell på fleire måtar.

– Vi var på tilsyn i både 2017 og 2018. Det er spesielt at vi har meldt bonden til politiet to gonger. Det er brukt mykje ressursar på å etterforske saka. Og tingretten sette av to dagar til saka, med 14 vitne i retten, seier Myhrene.

Bondens forsvarer Christen Iben Tollefsen Minos i advokatfirmaet Torstrup seier han har drøfta dommen med klienten sin og at dei vil anke.

– Bonden tar dommen tungt, og meiner det er rett å anke, seier Minos.

Mink

Avmagra minktispe som blei oppdaga på garden.

Foto: Mattilsynet

Meiner dyra var viltre og aggressive

Advokaten vil ikkje gå i detalj om kva dei meiner er feil med dommen. Han syner til at bonden har gjort sitt beste for å ta vare på dyra sine.

– Det har aldri vore noko å utsetje på storfehaldet. Minkdyrfarmen har han arbeidt med sidan 2006. Så fekk han ein ny og krevjande besetning. Han søkte å handtere dei på best mogleg vis. Det kan ein ikkje sjå at retten har lagt til grunn.

Christen Iben Tollefsen Minos

Advokat Christen Iben Tollefsen Minos.

Foto: Privat

Bonden sa i retten at han fekk nye minkdyr i 2017. Dei han hadde, blei ramma av sjukdom. Bonden meiner dei nye minkdyra frå Danmark var meir viltre og aggressive enn dei norske han hadde før.

«Dette legger retten ingen vekt på. Enhver dyreholder må sørge for å tilpasse driften etter sine dyrs lynne», står det i dommen.