– Det var fantastisk å koma inn her. Kjøleskapet har blitt fullt opp, gløggen stod framme på bordet og eg har fått laga meg ein kopp te, seier Mathilde Paaske.
For berre eit par timar sidan landa ho og sambuaren på Stavanger lufthavn Sola, nå har dei fått innlosjert seg i familiehytta på Ogna på Jæren.
Her kan dei ha lovleg innreisekarantene, etter at reglane i ettermiddag blei endra av regjeringa.
Hyttekarantene
– Det var fantastisk at regjeringa valde å høyra på alle som ville heim til jul. Eg veit om mange andre i same situasjon som også er glade for dette, seier Paaske.Ho og sambuaren bur og jobbar i London, men vil feira jul saman med Paaske sin familie i Stavanger.
Då det tidlegare i veka blei kjent at det kunne koma endringar i karanteneordninga for folk som kjem frå utlandet, tok Paaske og sambuaren ein sjanse og kjøpte reise.
Karantenehotell var uaktuelt. Då hadde dei heller reist tilbake.
– Å sitja på hotell i ti dagar, for så å feira jul eit par dagar før heimturen, det ville eg ikkje. Då ville eg heller ha vore i den trivelege leilegheita vår i London, seier ho.
Halvannan time før flyet deira landa søndag kveld, blei det klart at dei lovleg kunne ha karantenetida si i familiehytta.
Faren hennar, Henrik Paaske, er ein av fleire som har protestert mot ordninga slik ho var. Nå er han glad for endringa og for å få dottera heim til jul.
– Dette var fornuftig, og eg forstår det er resultat av eit ganske bra påtrykk, seier han.
Dette var velkomstkomiteen i hytta. Foreldra har bunkra opp med mat og drikke.
Foto: PrivatTryggare enn hotell
Det er Henrik Paaske og kona som har fylt opp kjøleskapet og gjort klar hytta, før dottera og sambuaren kom fram.
Her ute ved havet på Ogna meiner dei alle at smittevernomsyn er godt tatt vare på.
– Nå er det sambuaren min og meg på ei hytte. Det er jo mykje tryggare enn eit hotell. Her er det til dømes ingen som skal servere oss mat, seier ho.
– Men viss ein eig eller leiger bustad, eller disponerer annan egna stad, så kan ein gjennomføra karantenen der.
For at staden skal bli rekna som «egna» må du ha:
- Einerom
- Tilgang til eige toalett
- Tilgang til eiget kjøkken eller matservering