NRK Meny
Normal

Måte stenge Gladmat-stand

Mattilsynet blei overraska over mathygienen på opningsdagen.

Gladmat 2009 dag 1
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Standen som blei stengd etter Mattilsynet hadde vore på inspeksjon i går var Iris Spiseri & Bar. Torsdag var standen open igjen, skriv Aftenbladet.no.

- Maten heldt feilt temperatur, og dei som stod på standen hadde generelt dårleg forståing for prinsippa rundt mathygiene. Det var rett og slett ein dårleg stand, seier førsteinspektør Arve Kolbeinsen ved Mattilsynet Rogaland og Agder til Aftenbladet.no.

Mattilsynet vedtok også sju omsettingsforbod. Der standen fekk halde ope, men mat med feil temperatur fekk ikkje seljast.

Inspektørane var ikkje heilt nøgd med mathygiena første dagen av festivalen.

- Vi fatta fleire vedtak enn i fjor, og håpar at dei som tilbyr mat skjerper seg, seier Kolbeinsen til Aftenbladet.no