Matbutikkar mot straumen

Halvparten av dei tradisjonsrike nisjebutikkane for mat i Stavanger gjekk i fjor med underskot. Talet på spesialbutikkar for bakarvarer, ost, fisk og kjøt har blitt færre og færre i matbyen. Dei få som er att er likevel optimistar for framtida.

Idsøe slakterbutikk i Stavanger

Det blir færre og færre nisjebutikkar for mat i Stavanger. Her på Idsøe slaktarbutikk ser dei likevel lyst på framtida.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Då eg byrja her produserte me rundt 3–400 kilo pinnekjøt, nå produserer me 45 tonn, seier Albert Idsøe frå bak kjøtdisken i den tradisjonsrike slaktarbutikken Isøe, som han driv i Stavanger sentrum.

Det nærmar seg jul og det er kø framføre disken. Vareutvalet er større enn nokon gong og innehavaren har det travelt. Albert Idsøe representerer sjette generasjon i ein butikk som har haldt til same stad sidan 1902.

I fjor omsette butikken for 94 millionar kroner og kunne til trass for omfattande investeringar avslutte rekneskapen med eit lite overskot. Idsøe satsar på kvalitet og ekspertise og er optimist.

Klarar seg mot alle odds

– Dei som er ute etter noko anna og vil ha noko spesielt er villige til å betala for det i langt større grad enn tidlegare, seier han.

Eit par steinkast unna, på Storhaug, har Alf Inge Fredriksen nettopp stått opp. Bakarbedrifta Fredrik's har også overlevd matmarknaden i Stavanger i godt over hundre år.

Lokale bakarbutikkar har forsvunne ein etter ein. Fredik's har klart seg, mot alle odds.

– Eg har gjennom fleire år høyrt folk seia at dei ikkje forstår at eg gidd å halda på, sidan eg alltid er på jobb. Men det blir ein livsstil, seier Fredriksen.

Berre ein att i sentrum

I fjor omsette tradisjonsrike nisjebutikkar for mat i Stavanger for 170 millionar kroner. Halvparten gjekk med underskot, dei resterande med eit lite overskot.

Dei såkalla billigkjedene har overteke meir og meir av matvaremarknaden i matbyen. Fisketorget har gått med underskot, fleire spesialbutikkar for kjøt, fisk og ost har forsvunne.

Idsøe er den einaste tradisjonsrike spesialbutikken for mat som er att i sentrum i dag.

– Lågprisbutikkane vil halda fram med å ta marknadsandelar uansett. Men i motsett ende trur eg butikkar som oss, mindre butikkar og store supermarknader med fullsortiment vil veksa, truleg på kostnaden av det som er i midten. Me er veldig sementert i behova våre etter kvart, seier Albert Idsøe.

Trass utviklinga, er Idsøe optimist. Det er også Alf Inge Fredriksen.

Alf Inge Fredriksen

Alf Inge Fredriksen driv bakarbedrifta Fredriks i Stavanger. Bakaren har overlevd marknaden i godt over hundre år. Han har også tru på ei god framtid for bakarane.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Men det kostar. Både han og kona jobbar i butikken, det same gjer dottera. Og det er ingen jobb med ordinær arbeidstid, tillegg og overtid. Trass velstandsauken, brukar me som kundar langt mindre pengar enn tidlegare på maten me kjøper.

Fredriksen merkar prispresset:

– Konkurransen blir tøff når du stiller med eit lokalt bakeri med bakarar og du skal konkurrera med maskinar og import, seier han.

Trur du at det kan koma fleire slike bakarar tilbake, eller er de ein utdøyande rase?

– Eg trur meir me var utryddingstruga for berre nokre år sidan. Eg både håpar og trur at folk likar å ha oss, og om ein ser rundt oss blømer det opp av nisjebutikkar, så det er ingen grunn til å tru at det ikkje skal skje her også.

Interessan sentrumsbalanse

Det kostar å handla julematen på Idsøe. Men mange er framleis villig til å betale for varer, lukt og kunnskap som ein ikkje alltid får i mange av matvarebutikkane.

Også Idsøe delar optimismen for nisjebutikkane:

– Om 15 år har det truleg kome til eit par nye nisjebutikkar. Kva dei vil operera med vil tida visa, men eg trur absolutt at Stavanger har ein marknad og eit behov for det.

– Det er det som gjer sentrumsbalansen interessant. Når område fell ut i dei store kommersielle si interesse så kjem det nye interessante nisjebutikkar, som revitaliserer området. Sjå til dømes på Nytorget i Stavanger, dette er eit svært interessant område med svært bra kvalitet, spesielt innan etniske butikkar.