08.05 rykka naudetatane ut til ein mogleg brann i eit vogntog i Mastrafjordtunnelen. Tunnelen blei stengt kort tid etter.
Brannvesenet har nå kontrollert vogntoget og konstaterer at olja i vogntoget hadde gått varm. Ifølgje politiet resulterte dette i flammar og røyk.
Siste melding frå politiet er at ein bergingsbil er på veg. Tunnelen blei delvis opna for kolonnekøyring klokka 08.30.
Klokka 09.40 opna tunnelen for normal trafikk.