Hopp til innhold

Politiet etter trafikkuhella: – Viktig med fokus på rett stad i morgonrushet!

Masse kø etter ti bilar krasja på E39.

Masse kø etter 10 bilar krasja på E39

Det er ikkje meldt om personskadar etter dei to trafikkuhella som begge skjedde sør for Auglendstunellen på E39 i Stavanger.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

I sjutida melde politiet om eit trafikkuhell sør for Auglendstunellen på E39 i Stavanger. Uhellet skjedde i sørgåande retning. Mindre enn 25 minutt seinare kolliderte åtte bilar på same stad, men denne gong i nordgåande retning.

Ingen personar kom til skade, men ein er frakta til Stavanger universitetssjukehus for sjekk etter at airbagen blei løyst ut. Ulukkene fører til lange køar.

Klokka 07.30 melder politiet at dei to bilane som krasja i sørgåande felt er fjerna, og at køen der er i ferd med å gi seg. Klokka 08.03 melder dei at nordgåande felt også er ope for trafikk, etter to bilar har blitt taua vekk.

Kjedekollisjon

Politiet, som har hatt ein hektisk morgon, kjem med ein peikefinger til bilistar i morgontrafikken etter uhella.

– Det er viktig med fokus på rett stad nå i morgonrushet, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Helene Strand.

Ho forklarar vidare:

– Uhellet som involverte åtte bilar skjedde etter førar av bil nummer bremsa ned på grunn av kø. Bilane bak har køyrd i kvarandre ein etter ein.

Lange køar på E39

Klokka 07.30 stod trafikken ved Forus i sørgåande retning.

Foto: Otto Voldsund / NRK