Hopp til innhold

Marius har ei straumrekning på 400 kroner – men ei investering måtte til først

Marius har so mange solcellepanel at han må låne plass på veggen til naboen. Det gjer at han nokre gongar til og med kan selje straumen han produserer.

Marius Nesvold Saurdal

Marius Nesvold Saurdal sine løysingar gjer at han somme gonger til og med sel straum attende til kraftselskapet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Marius Nesvold Saurdal sine løysingar gjer at han somme gonger til og med sel straum attende til kraftselskapet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

400 kroner i straum og 6–700 kroner i nettleige.

Det var det Marius Nesvold Saurdal betalte då straumen var som dyrast i Sør-Noreg i september i år.

Straumprisane har i haust vore 50 prosent høgare enn normalt dei siste fem åra. Det kan verte ein dyr straumvinter, mellom anna grunna nær historisk låg vasstand i kraftmagasina i Sør-Noreg.

Men dette betyr ikkje like mykje for Saurdal si lommebok.

Han produserer straum og varme med solenergi og lagrar alt i ein batteribank i kjellaren.

Det han ikkje får plass til eller brukar sjølv, sel han til kraftselskapet so naboane kan bruke straumen hans.

Han seier tre-fire timar med sol om føremiddagen er nok til å drive heile huset hans gratis gjennom dagen og kvelden.

– Og då brukar eg sveiseapparat og komfyr og alt. Vi sparar ikkje på noko straum i dette huset. Det gjer vi berre ikkje, seier Saurdal.

Marius Nesvold Saurdal

I tillegg til solcellepanel på taket har Saurdal solfangarar på veggen.

Solfangar

Inne i dei vertikale røyra sirkulerar det vatn. Bak dei er der speglar som konsentrerar sollyset. Det opp mot 90 grader varme vatnet vert so pumpa inn i huset via røyr.

Marius Nesvold Saurdal sitt oppsett for varmtvatn i huset.

I garasjen står ein varmtvasstank fleire gongar større enn ein vanleg ein. Her lagrar Saurdal vatnet og nyttar det til golvvarme, vaskemaskin og dusj – so og seie gratis.

Solutvinning her og solutvinning der

Men det skal meir til enn eit einskild panel på taket for å få til det Saurdal driv med.

Heile taket på huset hans er solcellepanel. Han har ikkje takstein eller plater, men panela held taket tett.

Marius Nesvold Saurdal med straumoppsettet hans i kjellaren.

Saurdal har eit oppsett i garasjen med eigen transformator og store batteri for å ta vare på straumen han produserer.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I tillegg har han vertikale panel på nabohuset, der mor hans bur. Desse gjev ekstra straum i dårleg vêr.

– Om vinteren får ein mykje meir ut av energien so lenge dei heng beint. Panela på taket produserer også bra, men den vinkelen her er best på vinteren, for sola står mykje lågare, seier Saurdal.

Marius Nesvold Saurdal har solcellepanel på nabohuset.

Vertikale solcellepanel gjev betre utteljing om vinteren då sola er lågare og det er meir regn.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han skaffar også varmvatn frå sola med solfangarar – ei løysing der speglar konsentrerer sollys på røyr med vatn som går inn i ein stor varmtvasstank.

– Med eit lite solgløtt får ein like rundt 90 grader varmt vatn, seier Saurdal.

På sida av kvar av solfangarane er det ein aluminiumsgardin som automatisk vil trekke framføre om det vert for varmt – elles kan ein kome til å koke varmtvasstanken.

Solcellepanel og liten vindturbin på gjerdet ned mot vegen

Solcellepanel på båe sider av gjerdet ned mot vegen gjer at sola alltid treff ein stad der Saurdal kan tene straum. Han planlegg eit likt gelender rundt heile huset når han skal bygge veranda.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Alt har ein pris

Men det er ikkje slik at kven som helst kan få til det Saurdal har gjort i ein fei når straumprisen går opp.

– Det er jo ei investering, dette her. Kor mykje har du lagt ned i prosjektet?

– Nei, med heile varmeanlegget i huset – med røyr i golvet, solceller, solfangarar og alt – har vi vel lagt i 700.000, godt og vel. Og då er det utan mine timar, og der er det jo mange.

– Det er ikkje ein heilt billig inngangsbillett. Kan ein setje opp noko slikt utan erfaring?

– Nei, det er det jo ikkje. Men om ein er litt nevenyttig og har med seg ein elektrikar, so vil ein jo klare det, seier Saurdal.

Marius Nesvold Saurdal sin garasje

Saurdal sveisar og skrur mykje i garasjen sin og sparar lite på straumen. Han har også ein eigen hurtigladar for elbilen – noko heller få har heime.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vil bli heilt uavhengig

Denne dagen er det grått og overskya. Medan huset til Saurdal framleis produserer, må han bruke av straumnettet på dagar som dette.

Men ein plan har han.

– Eg loggar jo vêret her. Meir eller mindre alltid når det er overskya, so bles det alltid nok til at vi faktisk vil klare å få inn 20–25 kilowatt berre med vind.

So det neste store prosjektet i nabolaget vert ein liten vidturbin. Då håpar Saurdal på å bli heilt uavhengig av straumnettet.

Oversikt over straumproduksjonen til Marius Nesvold Saurdal

Tidleg på føremiddagen ein regnfull dag er det lite å hente i solcellepanela. Ein vindturbin ville vore til hjelp då, meiner Saurdal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK