Hopp til innhold

Vil gje kraftselskapa sine «gigantoverskott» til bedriftene

Fylkesordførar meiner kraftselskapa bør gje rabatt til næringslivet, og ikkje ta ut milliardoverskott til eigarane. – Vil føre til større forbruk av ein ressurs det er lite av, seier økonomiprofessor.

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak

– No treng bedriftene førehandskjende vilkår og langsyn. Det handlar om å trygge arbeidsplassar, seier fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak (Ap).

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Noko må skje med straumprisane, meiner so og seie alle.

Frå Framstegspartiet til Raudt og dei imellom – alle vil gjere noko, men ingen vert einige om kva.

Marianne Chesak frå Arbeidarpartiet har eit forslag:

Å gje bedrifter fastprisavtalar på kraftselskapet si rekning, og gjere det før regjeringa får ut fingeren med si straumstøtte.

– Sjølv om det kostar mykje å kjøpe straum no, so kostar det ikkje meir å produsere straum. Eg meiner at våre kraftselskap bør tilby straum til næringslivet til ein fast pris, seier Chesak.

Som fylkesordførar i Rogaland – eitt av dei hardast råka av dyr straum – meiner ho at kraftselskap som til dømes Lyse bør gje ei hand til bedriftene som skrik om hjelp.

Les også Strømkrisen: Marthe og Sigbjørn må destruere 150 mål med gulrøtter

Sigbjørn og Marthe Skjørestad vurderer å pløye ned åkeren på grunn av de høye strømprisene

Milliardar i overskott

Lyse er eigd av 14 kommunar i Rogaland, og tente rekordhøge 1,5 milliardar kroner i første halvår.

Fleire har teke til orde for at selskapet bør dele ut overskottet til eigarkommunane, slik at desse igjen kan bruke dei som dei vil. Det vil ikkje Chesak.

– Det vil vere store forskjellar frå kommune til kommune korleis dei vel å disponere dette utbytet. Det vert på ein måte eit lappeteppe av tiltak, og det gjev ikkje langsyn, og det er det i bedriftene skrik etter no, svarar ho.

– Men er ikkje poenget med krafteigarskap at ein kan utnytte inntektene frå våre felles vassfall til fellesskapet sitt beste, og at kommunane kan bruke dei pengane som dei vil?

– Jo, og det må dei gjerne gjere, men eg meiner at det kraftselskapa no skal gjere og det vi skal bruke den offentlege eigarskapen til, det er å tilby næringslivet fastprisavtalar, seier Chesak.

Regjeringa kjem med straumstøtte

Stortinget har kalla inn til hastemøte for å innføre straumtiltak – i midten av september.

Før den tid vil regjeringa legge fram ein straumstøttepakke, der mange håpar at noko kjem til næringslivet på nasjonalt nivå.

– Kvifor er det du seier ei meir fornuftig løysing, med regionale prisordningar, enn til dømes nasjonal straumstøtte til bedrifter, som er oppe til diskusjon no?

– Med å ha ein fastpris frå kraftselskapet, so vil kraftselskapa framleis tene pengar og bedriftene vil få ein straumpris dei kan leve med.

I tillegg meiner Chesak at hennar måte kan vere mindre komplisert og byråkratisk.

– Det går rett frå kraftselskapa som sit med det store overskottet. Om ein skal ha straumstøtteordninga frå regjeringa, so vil ein jo ta fellesskapet sine midlar – våre skattepengar – inn til kraftselskapa, som då vil behalde sine gigantoverskott.

Meiner løysinga skapar problem

Professor Nils-Henrik M. von der Fehr ved Universitetet i Oslo er ikkje spesielt begeistra for løysinga Chesak skisserer.

– Problemet er at den vil føre til større forbruk av ein ressurs det er lite av. Å justere ned prisen på straum til næringslivet, vil bety at bedriftene bruker meir fordi drifta blir meir lønsam. Dei vil ikkje justere ned produksjonen, seier han.

Statistikklovutvalget overleverer rapport til finansminister Siv Jensen

Professor Nils-Henrik M. von der Fehr ved UiO.

Foto: Heiko Junge / NTB

Von der Fehr seier prisane er høge fordi forbruket av straum må ned. Han meiner støtte til næringslivet i samband med straumkrisa bør føre til energisparing, ikkje auka forbruk.

– Det er frykteleg vanskeleg å lage ei slik støtte, og eigentleg meiner eg det er betre å gje lån enn å dele ut pengar, seier han.

Overskotet frå kraftselskapa, skal eigarane sjølv rå over, meiner professoren.

– Eigarkommunane i til dømes Lyse er suverene og kan gjere som dei vil.

Fem gangar meir skatt

Heller ikkje Atle Simonsen, kommunikasjonssjef for energi i Lyse, meiner Chesaks forslag vil fungere.

Med dagens prisar og skattereglar, seier han at dei kanskje hadde blitt nøydde til å betale fem gangar meir til staten enn dei fekk frå kunden.

– Det vil koste oss meir i skattar og avgifter å tilby ein slik avtale enn det vi får inn som betaling for straumen. Det går ikkje an å gjere for oss i dag, seier Simonsen.

Atle Simonsen

Atle Simonsen i Lyse.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Av det Lyse tener på vasskraft går 60 prosent til staten og kring 25 prosent til kommunane, seier Simonsen.

Han fortel at av ein tusenlapp som dei tener på vasskraft, sit Lyse att med 150 kroner å investere for.

Skulle dei kutta ned på overskottet og gjeve bedrifter låg fastpris, måtte eigarkommunane gått med på det.

Flere nyheter fra Rogaland