Hopp til innhold

Manowar kjem til Stavanger

Eit av dei store heavy metall-banda frå 80-talet, Manowar, kjem til Stavanger i 2016. Sceneproduksjonen blir ifølgje bandet den største dei nokon gong har hatt.

Manowar

Det amerikanske metallbandet Manowar har sansen for spektakulære sceneshow. Når dei kjem til Skandinavia i 2016 lovar dei at det blir den største sceneproduksjonen dei nokon gong har hatt.

Foto: Sebastian Konopka / manowar.com

Tysdag morgon klokka 09.00 startar Stavanger konserthus billettsalet til heavy metall-bandet Manowar, som har blodfans verda over. Førre gong dei var i Norge var for to år sidan på Sentrum Scene i Oslo. Nå spelar dei i Stavanger i februar neste år.

Skal ein tru på det bandet sjølv skriv på sine Facebook-sider vil det bli eit heftig sceneshow i oljehovudstaden.

– Fansen var heilt ville sist gong me var i Skandinavia, og nå returnerer me til vikingane sine heimland. Denne gongen med den største produksjonen me nokon sinne har hatt med oss, skriv dei på dei offisielle Facebook-sidene.

Manowar har vore trufast mot metallsjangeren sidan dei starta i byrjinga av 80-talet og eit meir klassisk heavy metal skal ein leita lenge etter. Dei har ei lang rekke albumutgivingar bak seg, og har seld fleire millionar eksemplar. Ifølgje Stavanger konserthus er dette ein stor nyheit for alle som er glade i metall.

Så langt er det berre Stavanger av norske byar som blir vitja av Manowar under verdsturneen i 2016.