Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Mannfolka - dei tause ofra Reporter: Egil Johan Ree (Real-Audio 2,42 min, 16 Kbps)
Det er aldri for seint å få kalde føter. Forfattaren Doris Lessing, som i årevis har vore inspirasjonskjelde for feministar, er blitt 81 år gamal og har gitt eit intervju til ei britisk avis. Intervjuet tyder på at ho er blitt skræmd av det ho har vore med på å sleppa laust når det gjeld feminisme. I krigen mellom kjønna er mannfolka blitt dei nye og tause ofra, seier Lessing.
Fornedra av kvinner
Det er ikkje måte på kor ille det er blitt, skal vi tru den britiske forfattaren. Feministane driv meiningslaus hets mot mannlege verdiar, seier ho. Mannfolka blir heile tida nedvurderte og fornedra av kvinner. Unge gutar får frå tidleg oppvekst inntrykk av at dei ber på ei form for mannleg arvesynd. Den tankelause og automatiske nedvurderinga av menn er nå blitt ein så daglegdags del av kulturen vår at mange ikkje lenger legg merke til henne.
Så kua at dei ikkje forvarar seg
Og ikkje nok med det: Doris Lessing meiner det er på tide vi spør oss sjølv kven dei er desse kvinnene som stadig rakkar ned på menn. Dei eklaste, dårlegast utdana og mest uvitande kvinner kan skjella ut dei mest vennlege, hjartevarme og intelligente menn, og ingen gir dei svar på tiltale. Mennene ser ut til å vera så kua at dei ikkje vågar å forsvara seg.
Skuld i alt som gale er...
Doris Lessing har vore på ein skole der lærarinna fortalde elevane om dei fæle mannfolka som hadde skuld i krigar og det meste av alt anna som er gale i verda. Jentungane i klassen kroa seg og såg viktige ut, gutane såg ut som dei ba om orsaking for at dei var til.
Undertrykkjande furier
Verda er, som vi skjønar, blitt snudd på hovudet. Pyntelege og underdanige damer som i si tid skunda seg ut av kjøkenet og inn på arbeidsmarknaden har latt suksessen gå til hovudet på seg. Dei er blitt til undertrykkjande furier som hersar hemningslaust med oss mannfolk. Og vi er blitt så kua at vi ikkje vågar å forsvara oss lenger. Men nå har vi altså fått hjelp frå ein av dei fremste frontkjemparane i den årelange kvinnekampen. Nå må vi ikkje finna oss i dette lenger, seier Doris Lessing, nå må vi menn ta til motmæle.
Best å venta litt
Vi får vel kanskje gjera det då, dersom det er så gale blitt som Doris Lessing hevdar. Men det spørst om vi vågar, så kua som vi er. Vi har ein mistanke om at ikkje alle feministane deler fru Lessings syn på utviklinga i verda, og då kan det gå oss ille om vi vågar oss opp på barrikadane. Det er kanskje best å venta litt.