Ein polititenesteperson har status som mistenkt, og ein mann i 30-åra er sikta for truslar mot politiet.
Dette er status etter at politiet i Stavanger i går kveld rykka ut på melding om ein mann som skar opp dekk på bilar på ein parkeringsplass i bydelen Hillevåg.
Oppdraget enda med at mannen blei skoten i beinet av politiet.
Torsdag kveld har mannen i 30-åra blitt avhøyrt på Stavanger universitetssjukehus, der han er innlagt med skotskade.
Kritisk til politiet som fyrte av skot
Odd Rune Torstrup fungerer som bistandsadvokat og forsvarar for mannen som både har status som fornærma og sikta.
– Basert på det avgrensa materialet eg har sett så langt, kan eg vanskeleg sjå føre meg at det var grunnlag for politiet å fyra av skot, seier Torstrup til NRK etter avhøyret.
Han presiserer likevel at han forheld seg til eit avgrensa materiale, og at saka skal etterforskast nærmare.
Det skal både gjerast fleire avhøyr og det skal også undersøkast om det finst overvakingsvideo av hendinga.
– Det er jo sjølvforklarande at det ikkje er greitt å bli skoten. Det som er viktig nå, er å sjå om politiet eventuelt har gått utover det som er lovleg, seier Torstrup.
Sjølv om klienten hans ligg på sjukehuset hadde han først status som pågripen, nå er han lauslaten.
Politiet blir etterforska
Spesialeininga for politisaker er rutinemessig kopla på saka. Dei har avhøyrt ein polititenesteperson som har status som mistenkt etter å ha losna skot under pågripinga.
Det kjem fram i ei pressemelding.
Dei ynskjer på noverande tidspunkt ikkje å gå inn i innhaldet i forklaringa.
Spesialeininga vil be Kripos om å undersøke skytevåpenet som blei brukt av tenestepersonen. Dette er vanleg prosedyre.
Spesialeininga har avhøyrt eit vitne i saka, og to andre vitne vil bli avhøyrt i ettermiddag. Det eine vitnet som skal avhøyrast, er ifølgje spesialeininga ein tenesteperson som skal ha sett sjølve hendinga.
Skal ikkje vere livstruande skadd
Mannen er ikkje livstruande skadd, opplyser politijurist Anne Mette Dale ved Sørvest politidistrikt til NRK. Ifølgje Torstrup blir han truleg liggjande nokre dagar på sjukehuset.
– Politiet fekk melding om at ei mann skar opp dekk på biler på ei parkeringsplass i Hillevåg i torsdag kveld.
Det seier Stian Eskeland, jourhavande jurist ved felles straffesaksinntak i Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding fredag formiddag.
Då politiet kom til staden, «oppstod det ein trusselsituasjon», og det vart fyrt av skot frå politiet. Ifølge Stavanger Aftenblad skal politiet først ha forsøkt å stoppe mannen, som skal vere ein kjenning av politiet, med el-våpen.
Dale opplyser at trusselutøvaren er sikta for å ha trua politifolka med kniv, men ho vil ikkje gje fleire detaljar om korleis dette skjedde.