Hopp til innhold

Mann skadd på Preikestolen

Ein mann og ei kvinne måtte ha hjelp til å ta seg ned frå Preikestolen onsdag morgon.

Dei to hadde tatt turen til Preikestolen tysdag kveld.

– Mannen fekk skader i det eine beinet, så dei klarte ikkje ta seg ned på eiga hand, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Karstein Tendenes.

Lokalt politi og Norsk Folkehjelp blei derfor kontakta, slik at turgåarane kunne få hjelp til å komma seg ned. I 07-tida onsdag morgon var dei tatt hand om av hjelpemannskapa.

– Då var dei nedkjølte etter å ha vore ute i om lag elleve timar, seier Tendenes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.