Hopp til innhold

Mann og kvinne var i ATV-ulukka i Hå

ATV-en som var var i ei alvorleg ulukke søndag føremiddag, køyrde ut av vegbana på høre side, ifølgje krimteknikarar frå politiet og Statens vegvesens ulukkesgruppe. Dei er no ferdig på staden.

Det er få spor på staden, men ATV-en er henta og blir undersøkt nærare etter kvart. Ifølgje Sør-vest politidistrikt var det ein mann og ei kvinne i vaksen alder som var involert i ulukka. Dei var alvorleg skadd og blei frakta til sjukehuset.

Politiet opplyser til NRK at dei rutinemessig har sikra blodprøvar av dei involverte for å kunne sjekke om dei var ruspåverka.

ATV-ulukke i Hå i Rogaland
Foto: Jakub Krzysztof Spadlo