Hopp til innhold

Mann meld for trugslar med kniv

Ein mann tok ein mopedtjuv på fersken i Haugesund i natt, men då han bad tjuven gå sin veg, svara han med å truga meldaren med ei kjøtøks.

Det var like før klokka 02.30 i natt at politiet i Haugesund fekk melding om hendinga. Ein mann oppdaga ein annan mann som prøvde å stela ein moped i nærleiken av studentbustadane på Vardatun. Meldaren bad mannen gå, men då svara tjuven med å ta fram ein reiskap som meldaren synest likna på ein machete-kniv med stort blad. Mopedtjuven truga meldaren med kniven.

Meldaren kom med ei god skildring av tjuven, og politiet sette i gong søk etter gjerningsmannen. Fleire patruljar, inkludert ein hundepatrulje, deltok i søket. Litt seinare vart ein mann i byrjinga av 20-åra arrestert utanfor huset sitt, søraust for Haugesund sentrum.

Politiet ransaka huset hans, og der fann dei ei kjøtøks som politiet mistenkjer han hadde med seg på tjuveriferda. Mannen innrømde å ha vore ei det aktuelle området då hendinga skjedde. Mannen vart sett i varetekt og meld for trugslar med kniv.