Hopp til innhold

Mann med øks arrestert

Politiet i Stavanger måtte væpne seg og rykke ut til ein rusinstitusjon i byen, laurdag ettermiddag. Ein av brukarane hadde skaffa seg ei øks og oppførte seg truande.

Politi med øks og spade etter arrestasjon

Den arresterte pasienten trua med øks.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Mannen oppførte seg utagerande med øksa.

Slik skildrar innsatsleiar Jon Øygard i politiet i Sør-Rogaland, det som skjedde laurdag ettermiddag.

Politiet blei ringt opp frå institusjonen og væpna seg før dei rykka ut. Sjølve arrestasjonen skjedde utan at nokon kom til skade.

– Heller ikkje nokon av dei tilsette ved rusinstitusjonen vart skada, understrekar innsatsleiar Øygard.

Gjekk rundt med øks

– Det er ikkje ulovleg å gå med øks, men det høyrer med i vurderinga at dette er ein kjenning av politiet som me ikkje ville skulle gå med ei øks på institusjonen sitt område.

Det seier operasjonsleiar Sølvi Ravndal i Rogaland politidistrikt til Stavanger Aftenblad. Ho opplyser også at det blei brukt pepparspray i samband med arrestasjonen.

Beslagla øks og spade

I tillegg til øksa beslagla også politiet ein spade.

– Sjølve arrestasjonen gjekk nokså raskt for seg, seier Øygard.

Arresterte mann med øks

Innsatsleiar Jon Øygard, kort tid etter at arrestasjonen var gjort

Foto: Anders Fehn / NRK

På spørsmål om dette kunne karakteriserast som ei dramatisk hending seier Øygard:

– Det handla om ein utagerande mann med øks.