Hopp til innhold

MANN MED KNIV SLAPP INN PÅ SOLA:

Ein mann som hadde ein kniv i sekken sin kom gjennom tryggleikskontrollen på Stavanger lufthavn Sola i seks tida i dag tidleg, skriv Stavanger Aftenblad. Dei tilsette i kontrollen sjekka feil sekk, og dermed måtte alle ut frå transitområdet, for å gå gjennom kontrollen på ny. Kniven blei funnen og mannen som hadde den skal ikkje ha hatt vonde intensjonar. Hendinga førte til store forseinkingar, men nå er situasjonen ved det normale.