NRK Meny
Normal

Mann med kniv slapp inn på flyplassen – fleire hundre blei evakuerte

Vektarane ved tryggleikskontrollen sjekka feil sekk. Dermed slapp ein mann med kniv inn på Stavanger lufthavn Sola laurdag morgon. Flyplassleiinga tar hendinga på alvor.

Ny sikkerhetskontroll på Stavanger lufthavn Sola

Det var i denne tryggleikskontrollen det skjedde ein glipp, som gjorde at ein mann med kniv kom inn på flyplassen laurdag morgon.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Like før klokka seks oppdaga dei tilsette i tryggleikskontrollen på Sola ein mistenkeleg gjenstand i ein sekk. Då dei skulle sjekka kva som var oppi sekken tok dei feil sekk til sides, dermed forsvann baggasjen med den mistenkelege gjenstanden inn i terminalen, saman med eigaren sin.

– Det var ein kniv av typen Leatherman som var oppi sekken, slår Morten Wathne, som er operativ sjef ved Stavanger lufthavn Sola, fast.

Måtte evakuera

Først prøvde dei tilsette å få fatt i passasjeren med kniven inne i terminalen, men dei lukkast ikkje med dette. Og litt etter kunne Aftenbladet melda at alle passasjerane på flyplassen måtte evakuerast.

Dette gjorde dei for å finna sekken med kniven og det førte sjølvsagt til store forseinkingar i flytrafikken.

– Det var fleire hundre personar som måtte gjennom kontroll på ny. Dette tar tid, og på det meste var det fly som blei forseinka med tre kvarter. Nå har situasjonen normalisert seg, og flytrafikken går som normalt, seier Wathne.

Utilsikta frå passasjeren si side

Dei fekk fatt i mannen med kniv i den nye kontrollen.

– Kva var årsaka til at han hadde kniv med seg?

– Det var heilt utilsikta frå passasjeren si side. At folk har med seg gjenstandar, som er over grensa av det ein kan ta med seg, er ikkje uvanleg. Ofte kan det vera snakk om noko som ligg at frå når sekken blei nytta til andre formål, seier Wathne.

Men kva tenker du om at ein kniv fekk passera?

– Det er fleire millionar som passerer tryggleikskontrollen, og ein gong av og til vil me oppleva at det glipp. Men etter slike hendingar sett me oss ned og evaluerer kva som skjedde og ser på kva som kan gjerast for at dette ikkje skal skje på ny.