Hopp til innhold

– Han blir truleg framstilt for varetektsfengsling på måndag

Ein mann i 30-åra er sikta etter husbrannen i Egersund i går. Ifølgje politiet blir han truleg framstilt for varetektsfengsling på måndag.

Husbrann i Eigersund

Øvste etasje i dette huset stod i full fyr fredag ettermiddag.

Foto: Øystein Ellingsen

Det var fredag ettermiddag det kom melding om full fyr i eit bustadhus i Løeåkeren i Egersund. Ifølgje Stavanger Aftenblad måtte ei eldre kvinne berga seg ut frå ein av huset sine to leilegheitar. Brannen skal ha starta i den andre leilegheita.

Mannen som er sikta var han som ringde inn og varsla politiet om brannen.

– Dette er ein mann i 30-åra. Han sit i arresten hos oss nå, og på måndag vil han truleg bli framstilt for varetektsfengsling, seier jourhavende jurist ved Sør-Vest politidistrikt, Ellen Mellemstrand Gimre, til NRK.

Politiet har framleis ikkje ha fått gjort åstadsundersøking, men mannen skal vera sikta for å ikkje ha vore aktsam nok i samanheng med brannen.