Hopp til innhold

Varsla kommunen fleire gonger: – Nå skjedde det alle har frykta

Politiet rykka ut oftare og oftare, ein barnehage laga beredskapsplan og kommunen blei varsla seinast for to veker sidan om utfordringane i eit område med kommunale bustader på Karmøy. I helga blei ein mann i 20-åra drepen.

Boligen der mannen budde

SPERRA AV: Mannen i 20-åra budde i denne kommunale bustaden på Åkra.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Dei er redde og synest det er grufullt. Nå skjedde det alle har frykta, seier Anne Lene Knutsen.

Ho er leiar i Åkra sanitetsforeining.

Dei eig nokre av bustadene i nabolaget der ein mann i 20-åra blei drepen laurdag kveld.

Den drepne budde i ein kommunaleigd bustad.

Anne Lene Knutsen

– Vi har på ein måte venta litt på at dette skulle skje, men det er forferdeleg trist, seier Anne Lene Knutsen.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

Seinast for to veker sidan blei kommuneadministrasjonen i Karmøy åtvara igjen.

– Eg blir meir og meir bekymra. Her kjem det til å skje noko alvorleg gale, sa Per Magnus Mannes frå Karmøylista under Formannskapsmøtet 3. juni.

Han er ein av mange som har varsla kommunen i ei årrekke.

– Vi har det på agendaen og jobbar med det, svarte kommunedirektør Vibeke Vikse Johnsen.

Har låst dørene

Ifølge Anne Lene Knutsen har dette vore ein attraktiv plass for eldre å busette seg.

Heilt til Karmøy kommune byrja å busette personar med ulike utfordringar her for mange år sidan.

– Vi har sendt bekymringsmelding til kommunen om buforholda. Det var ikkje lenger idyll her. Dei eldre har låst dørene, seier ho.

Judit Elise Hauge er leiar i ein lokal velforeining og har bekymra seg lenge.

– Ein går rundt og ventar på at noko skal skje. Det kjennest utrygt. Ungane får beskjed om kor dei har lov å gå og kor dei ikkje må gå, seier ho.

Judit Elise Hauge

– Vi føler oss redde og utrygge, seier Judit Elise Hauge.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Også ho har kontakta kommunen.

– Dei svarer meg ikkje og gøymer seg ofte bak at bebuarane har personvern, men det følast som at det er vårt ansvar å passe på bebuarane og ringe politiet når noko skjer.

Ifølge Knutsen har politiet køyrt til området på faste oppdrag fleire gonger om dagen. I tillegg til utrykkingar.

Barnehage førebudde seg

I tillegg har ein barnehage NRK har vore i kontakt med, gjort ei trusselvurdering og laga ein beredskapsplan for kva dei skal gjere dersom personar frå bustadane dukkar opp i barnehagen.

Dei kom fram til at det var låg risiko, men dei har øvd på å få alle ungane inn i barnehagebygget og ringe politiet.

– Vi har registrert ei auke i talet på oppdrag i dette området i 2024. Vi har auka patruljeringa og har handtert ein del ordensoppdrag og valdshendingar, seier Frode Klausen.

Frode Klausen

Politistasjonssjef i Karmøy, Frode Klausen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Han er politistasjonssjef på Karmøy og seier dei har hatt tett dialog med kommune og helse.

Han seier også at politiet har mottatt ein del bekymringar frå naboar og publikum.

Kommunedirektør: – Krevjande mangel på utleigebustader

Ifølge kommunedirektør Vibeke Vikse Johnsen er det ein mangel på utleigebustader i Karmøy kommune. Dette meiner ho er krevjande sidan det er eit mål at kommunen ikkje skal ha huslause.

I dag er det 81 familiar som har akutt behov for hjelp til bustad.

– Kva vurderingar har blitt gjorde frå kommunens side når det gjeld busetting av personar med rus- og psykiatriutfordringar i dette området på Åkra?

– Det blir stadig oftare gjort individuelle vurderingar før tildeling av bustad. I tråd med politiske vedtak vurderer vi kor kvar enkelt kan bu, og korleis dette kan gjerast på beste måte, ut frå eksisterande bumiljø, skriv Vikse Johnsen i ein e-post.

Dette gjer at enkelte utleigeeiningar per i dag står tomme, andre leigetakarar er flytta på, ifølge kommunedirektøren.

Vibeke Vikse Johnsen

Kommunedirektør i Karmøy, Vibeke Vikse Johnsen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Seier klager er registrerte og forstått

Fleire NRK har snakka med fortel at dei har kontakta kommunen med bekymringar knytt til personar i desse bustadene. Dei seier dei ikkje blir høyrde.

– Det er mottatt fleire og jamlege bekymringsmeldingar frå naboar, politikarar og leigetakarar i Åkrehamn. Klager frå naboar er både registrerte og forstått, og vi prøver å sikre ei busetting som ikkje skaper utryggleik for sårbare grupper, skriv Johnsen.

– Samtidig er det slik at enkelte av leigetakarar har store helsemessige utfordringar innan rus og psykiatri. Desse skal også ha eit verdig butilbod, understrekar kommunedirektøren.

Ho peikar på at det er jamlege møte både med leigebuarar, kommunen, rus- og psykiatritenesta, politi, Nav, bustadkontoret og tidvis spesialisthelsetenesta for å klargjere dei ulike perspektiva.

Mannen som er sikta for drapet, er varetektsfengsla i fire veker. Han har ikkje forklart seg til politiet.