NRK Meny
Normal

Sakna 72-åring funnen død etter leiteaksjon

Det var den sakna 72-åringen som vart funnen død i Storavatnet i Bjerkreim kommune måndag kveld, det stadfestar politiet tysdag morgon.

Leiteaksjon Storavatnet

Politi og politihundar er blant dei som deltek i leiteaksjonen etter ein 72-åring ved Storavatnet i Bjerkreim måndag kveld.

Foto: Øystein Ellingsen

Mannen vart funnen ved 22-tida av dykkarar og henta opp av vatnet, melder Stavanger Aftenblad.

Tysdag morgon stadfestar politiet til NRK at det var den sakna 72-åringen som vart funnen død. Familien til mannen er informert.

Laster Twitter-innhold

Det var familien til mannen som meldte han sakna. 72-åringen skulle måla eit røyr på Espeland ved Storavatnet i 15.30-tida i ettermiddag.

– Familien har leita sjølv før dei varsla oss, opplyser operasjonsleiar Frank Roland i Rogaland politidistrikt, til NRK.

Politi med politihundar, helsepersonell og dykkarar frå brannvesenet var med i leiteaksjonen.

– Mannen budde i nærleiken av vatnet der han er meldt sakna frå, seier Roland.

Det bles ganske mykje fortel NRK sin reporter på staden. Vêret er overskya og det var sludd i lufta i 21.30-tida måndag kveld.

– Leiteaksjonen har gått føre seg i heile kveld, utan funn. Me held fram leiteaksjonen og har tilkalla sivilt mannskap som skal hjelpa til, sa innsatsleiar i politiet, Leif Seglem, til NRK.

Politihundar har i kveld søkte i terreng og bygningar i nærområdet til der den sakna mannen bur, før det vart sett inn dykkarar i Storavatnet.

Laster kart, vennligst vent...

Det er måndag kveld sett i verk ein større leiteaksjon etter ein 72-åring ved Storavatnet i Bjerkreim.