NRK Meny
Normal

Mann (45) gjorde 12 innbrot på ni månader

Nå må haugesundaren i fengsel i halvanna år.

Innbrota skjedde i forskjellinge butikkar, næringslokale og ein bil i tidsrommet januar til oktober i fjor. 45-åringen braut seg også inn i eit legesenter og eit tannlegelokale. Alt skjedde i Haugesund.

Pengar, alkohol og elektronikk

Av tjuvgodset mannen fekk med seg finn ein mellom anna pengar, alkohol og elektronisk utstyr.

I Haugaland tingrett blei mannen også dømt for å oppbevara mindre mengder amfetamin og for å ha øydelagt ein røntgenmaskin til ein verdi av 27.600 kroner.

Maskinen blei øydelagt inne i tannlegelokalet fordi 45-åringen trudde dette var ein alarm.

La att spor

Det blei funne fingeravtrykk og DNA-spor frå fleire av innbrotsstadane, noko som avslørte mannen.

I tillegg til fengsel i eitt år og seks månader, må 45-åringen betala over 120.000 kroner i erstatning.