Hopp til innhold

Mann busett i Rogaland omkom i klatreekspedisjon i Argentina

Ein mann frå Rogaland omkom under ein klatreekspedisjon i Argentina. Mannen i 60-åra var på veg opp det 6962 meter høge fjellet Aconcagua.

En klatrer på veg opp toppen til Aconcagua. Bilde er frå 2007.

OMKOM: Ein mann i 60-åra omkom i ei klatreulukke på fjellet Aconcagua. Bilete er frå ein ekspedisjon i 2007.

Foto: Daniel Merle / AP

– Det eg kan seie er at ein person i 60-åra busett i Rogaland har omkomme i ein klatreekspedisjon i Argentina. Dei pårørande er varsla, seier etterforskingsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Morten Vestbø.

Mannen skal ha delteke i ein klatreekspedisjon, og var på veg opp fjellet Aconcagua, seier Vestbø til VG som først omtalte saka.

Aconcagua er det høgaste fjellet på den vestlege halvkula med ei høgde på 6962 meter.

Pressevakt Mathias Rongved i Utanriksdepartementet, bekreftar til NRK at ein norsk statsborgar har omkomme i Argentina.

Berlin base camp. Bilde er frå 2007.

BASE CAMP: Utsikt over Berlin base camp. Den siste før toppen, på 6.000 meters høgd. Bildet er frå ein ekspedisjon i 2007.

Foto: WALTER MORENO / AFP

Argentinske medium skriv at mannen fall om på turen laurdag, og det vart sett i gong livreddande førstehjelp på staden. Men livet var diverre ikkje til å redda.

Krevjande tur

Jani Thorenfel Barfod er ekspedisjonsleiar i Ekspedisjonsreiser. I 2020 fullførte ho turen til Aconcagua som privatperson gjennom arrangøren Hvitserk.

Ho kjenner ikkje til dei som er på denne turen nå, men seier det er ein svært krevjande tur.

– Du går opp og ned i fleire dagar for å etablera campar.

Jani Thorenfel Barfod på ekspedisjon i Nepal

EKSPEDISJONSLEIAR: Jani Thorenfel Barfod har vore på Aconcagua i Argentina som ekspedisjonsleiar for Hvitserk. Ho jobbar nå i Ekspedisjonsreiser.

Foto: Andreas Fjellandsbø / Privat

Turen til Aconcagua er svært populær. Dei fleste reiseselskapa som driv med denne typen ekspedisjonar i Noreg har denne turen, seier Barfod.

Og for å reise må ein gjennom ei legeundersøking både i Noreg og i Argentina.

– Då eg reiste med Hvitserk måtte ein gjennom full legesjekk i Noreg. I tillegg blei det gjort ei legeundersøking med ein lege i base camp, seier ho.

Ein er særleg redd for høgdesjuke på slike turar.

– Det er eit fjell som er nesten 7.000 meter høgt. Faren for høgdesjuke er der. Då er det lunge- og hjerneødem ein er mest redd for, seier Barfod.