Mann arrestert for valdtekt i Haugesund

Ei kvinne i 20-åra har meldt til politiet at ho vart valdteke i ein park i Haugesund natt til sundag. Ein mann er arrestert for ugjerninga.

Laster kart, vennligst vent...

Klokka 05.24 vart politiet i Haugesund kontakta av ei kvinne i byrjinga av 20-åra, som ville melde frå om ei valdtekt.

Ho har forklart at ho drog på eit nachspiel i ein leilegheit i sentrum av Haugesund. Då ho skulle dra frå nachspielet vart ho følgt ut av ein namngitt mann i slutten av 20-åra. Mannen skal då ha valdteke kvinna i ein park i sentrum.

Visste kven mannen var

– Kvinna visste kven denne mannen var, så me fekk namnet på han og me arresterte han på adressa der nachspielet hadde funne stad, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Svein Roald Vikse.

Mannen har vore hos lege for sporsikring, og vil bli avhøyrt i løpet av dagen. Han er førebels ikkje sikta i saka.

– Det blir ikkje gjort før etter avhøyra er gjort, og før ein jurist har sett på saka, seier Vikse.

Kvinna skal forklare seg for politiet

Kvinna har blitt teken hand om på valdtektsmottaket.

– Ho har vore på valdtektsmottaket på sjukehuset, til undersøkingar og samtalar der. Ho nærmar seg no ferdig, og skal etterkvart snakke med politiet, seier Vikse.

Politiet har førebels berre motteke innleiande forklaringar og saka vil bli etterforska vidare utover dagen.

– Kvinna har ikkje meldt valdtekta formelt til politiet, men ho har gitt uttrykk for at ho vil gjera det. Og det er mellom anna det me skal snakka med henne om når ho kjem til politiet, seier Vikse.