Mann (40) trua politiet med kniv
Politiet brukte pepparspray mot ein mann på Forus i Stavanger i føremiddag. Mannen hadde først trua ein vektar utanfor ein forretning på Forus i Stavanger. Der hadde også mannen i 40-åra vore utagerande mot andre personar. Då politiet ville arrestere mannen trua han med ein kniv.