MC-førar omkom truleg etter fall i Sirdal

Ein 28 år gamal MC-førar frå Sola blei i går kveld funnen omkommen ved Lysebotnvegen i Sirdal. Det er ingen vitne trafikkulukka.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skjedde ved Børsteinsvatnet like ved fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder.

28-åringen døde truleg momentant etter et lengre fall.

Fallet kan ha vore på om lag 15 høgdemeter, skriv Stavanger Aftenblad.

Ifølgje politiet skjedde fallet etter at motorsykkelen køyrde av vegbanen på høgre side i ein venstresving med lågt autovern.

– Motorsykkelen har truleg hatt for høg hastigheit til å klare svingen. Diverre er autovernet på denne staden deformert av snø, og det er et djupt juv på utsida av vegen, seier politiførstebetjent Jon Uleberg ved Sirdal lensmannskontor.

Utanlandsk turist

Politiet fekk litt over klokka åtte i går kveld melding frå ein utanlandsk turist som hadde sett ein motorsykkel og ein person som låg utanfor vegen i terrenget ved Børsteinsvatnet i Sirdal.

– Då ambulansen kom på plassen konkluderte dei med at føraren av motorsykkelen var død, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Henning Andersen.

Ingen vitne

Dei veit ikkje når ulukka skjedde.

– Me har ingen vitne til hendinga, det var heilt tilfeldig at turisten oppdaga motorsykkelen og føraren, som låg eit godt stykke ut i terrenget, seier Andersen.

Politiet har identifisert mannen. Han var ein 28 år gamal mann, som var busett i Sola. Dei pårørande er varsla om ulykka.

Etterforskar saka vidare

Politiet har også varsla Vegvesenet si ulukkesgruppe og det er Sirdal lensmannskontor som etterforskar saka vidare.

– Førebels jobbar me ut frå at dette er ei trafikkulukke med eitt køyretøy involvert der føraren av motorsykkelen har mista kontrollen, seier operasjonsleiar Andersen.