NRK Meny
Normal

Mann (23) tatt for frisør-innbrot

Ein 23 år gammal mann er arrestert av politiet mistenkt for innbrot i ein frisørsalong i Sandnes.

Innbrudd Planeten frisør

Det har i dag tidleg vore innbrot hos Planeten frisør i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

Innbrotsalarmen hos Planeten frisør i Julie Eges Gate i Sandnes gjekk klokka 07.30 søndag morgon.

– Politiet trefte på to personar. Den eine, ein 23 år gammal mann, blei arrestert. Han er mistenkt for å stå bak innbrotet i frisørsalongen, opplyser operasjonsleier i Rogaland politidistrikt, Kurt Løklingholm.

23-åringen skal ikkje ha fått med seg dei store verdiane.

– Det er stole ein pc og litt pengar, opplyser Løklingholm.