Hopp til innhold

Manglar omdømme

- Problemet for Stavanger-regionen er ikkje at folk ellers i Norge har eit negativt inntrykk av området.  Problemet er at dei ikkje har eit inntrykk i det heile, meiner reiselivsleiar.

Håkon Lund, lekemester i Kongeparken
Foto: NRK

Håkon Lund er "leikemeister" og leiar for Kongeparken i Gjesdal.  Han er engasjert i debatten om omdømmet til Stavanger-regionen.

- Dette er svært viktig, for utviklinga er jo faktisk også negativ, seier Lund.

Han har registrert at det nå er færre enn for to år sidan som kan tenkje seg Stavanger-regionen som feriemål.

Omdømmerapporten

Rapporten viser at berre 13 prosent av dei spurde i ei større undersøkjing, ønskjer å dra til Stavanger på ferie.  Trondheim og Bergen har dobbelt så stor popularitet og Oslo nærare tre gonger så stor oppslutning.

Ferie og jobb

- Korleis folk oppfattar ein stad som reisemål, er også veldig viktig med tanke på å koma dit for å jobba, seier Lund.

Han meiner at dette heng nøye saman.

- Ein plass du vil dra på ferie til, er også truleg ein plass du kan drøyme om å bu. Og dersom du skal bu der treng du også eit arbeid, seier Lund. 

- Dette er noko som er viktig nå for tida når regionen skrik etter arbeidskraft, seier han.

Regionen må satsa

Lund meiner at Rogaland fylkeskommune må gå i spissen for å spreie kunnskapen om regionen ut over landet, gjerne i form av reklamekampanjar.

- I tillegg må Universitetet i Stavanger bli eit universitet for heile landet, ikkje berre for distriktet.

- Gladmatfestivalen og Sandvolleyballfestivalen må visast fram til resten av Norge, seier Lund.  - Ni-timen må senda direkte frå Gladmaten, TV-2 bør minst eitt sommarshow frå volleyball-happeningen.