Hopp til innhold

Manglar legar på sjukeheimane

Den offensive satsinga på sjukeheimar i Stavanger har svikta. Det meiner leiar av allmennlegeforeninga i Rogaland, Kåre Reiten.

Sykehjem
Foto: SBertil Persson / SCANPIX

For to år siden ble det mellom anna vedteke å doble antalet legar ved sjukeheimane. Det har ikkje skjedd.

Lege og høgrepolitiker Reiten var sjølv med på å utforme og vedta den svært offansive satsinga på sjukeheimstenesta i Stavanger. Dobbelt så mange sjukeheimslegar, spesialisert skulering av desse legane og andre tilsette for sjukeheimsarbeid, og ei eiga legevaktordning for sjukeheimane. I dag, omlag to år seinare, ser ein lite resultat av dei fagre løfta og den oppsiktsvekkande ambisiøse målsettinga.

Fortener betre

- Sanninga er at Stavanger ikkje er kome så mye lenger enn for nokre år sidan. Det er dei sjukaste pasientane med 6 - 8 diagnoser som er på våre sjukeheimar. Dei fortener ein legeteneste som er meir enn å kome innom av og til, seier Reiten.

Reiten meiner administrasjonen i Stavanger Kommune har skulda for at sjukeheimssatsinga forblir ord på eit papir og ikkje vert sett ut i praksis.

- Vi registrerer at det kjem kritikk, og vi har eit sterkt ønske om å få det til, seier direktør for oppvekst og levekår, Bjørn Tungland.

Tema i valgkampen

Sjukeheimsplassar og eldreomsorg er den store saka også i årets valkamp. I følge Tungland har det imidlertid vist seg umogeleg å gjennomføre politikarane sine løfter i praksis.

- Vi hararbeid mye med dette. Vi har problem med å få det på plass på grunn av at det er for lite søkjare til stillingane. Vi har lyst ut stillingane fleire gonger, og skal snart gjere det igjen.