Hopp til innhold

Manglande sikring av små barn

Fire bilførarar fekk bot, då politiet hadde ein trafikk-kontroll ved ein barnehage på Rennesøy i dag tidleg. Årsaka var at dei ikkje hadde sikra borna godt nok i bilen. Kontrollen skjedde mellom klokka 07.00 og 09.30 i dag tidleg.