Hopp til innhold

Mangla klare svar på bom-spørsmål

Dobbel betaling for Hundvåg bebuarar og redusert kjøpekraft var dei største uromomenta på bomring-møtet.

Kommunemøte

Frps Leif Arne Nilsen (t.h) var ein av dei med fleire spørsmål til samferdselssjefen etter møtet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Tysdag morgon møttest kommuneutvalet for å høyra samferdselssjefen snakka om planlegging, plassering, prosess og konsekvensar kring bomringane på Nord-Jæren.

– Det var gode og relevante spørsmål som kom opp, seier samferdselssjef Gottfried Heinzerling.

– Relevante spørsmål

Ein av dei som var oppe med handa i spørjerunden etter utgreiinga, var Leif Arne Nilsen (Frp).

– Eg er jo imot bommane, men når andre har vedteke dei så må me jo i alle fall plassera dei på ein fornuftig og forsvarleg måte, seier han.

Heinzerling

Samferdselssjef Gottfried Heinzerling svarte på spørsmål rundt bomringen på Nord-Jæren tysdag morgon.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Det sjokkerer meg at samferdselssjefen ikkje ser at Hundvåg bydel for eksempel kjem veldig dårleg ut av dette. Og at han samanliknar Hundvåg med dei andre bydelane, det fattar eg ikkje.

Nilsen siktar til eit scenario der bebuarane på Hundvåg må betala for å koma seg ut av bomringen, for så å betala dobbelt om dei skal vidare ut av sentrum.

Heinzerling sa fleire gonger at han ikkje meinte Hundvåg kom verre ut av det enn andre bydelar, men ordførar Christine Sagen Helgø sa etter møtet at dette ville kommunen sjå på i nær framtid.

Tapt forteneste

– Noko anna eg veldig skuffa over er at eg fleire gonger har etterlyst ein konsekvensanalyse av kva dette vil påføra regionen i form av tapt forteneste for bedrifter, meiner Leif Arne Nilsen.

Han meiner det er alvorleg at denne analysen ikkje blir lagd på bordet, trass i det han beskriv som stor uro hos bankane.

– Me snakkar om å måtte redusera i servicebransjen med 2–3.000 personar grunna redusert kjøpekraft.

Mistar "kjekt å ha" pengane

– Desse 40–50.000 kronene betyr mykje for ein familie. Det er dei "kjekt å ha" pengane som forsvinn. Resturantbesøk, nye klede, den slags ting – som går i servicebransjen. Og det er der arbeidsplassar kjem til å forsvinna, spår Nilsen.

Ifølge samferdselssjefen er det staten si avgjerd om sponsing som vil påverka "kosepengane" til Ola og Kari på Nord-Jæren mest:

– Drømmescenariet er at staten verkeleg tek del i finansiering av infrastruktur her i Stavangerregionen. I dette tilfellet vil me koma ned på 15 – 30 kroner. I verste fall må me betala 20 og 40 kroner. Dette skjer om staten ikkje held lovnadane sine i forhold til finansiering av kollektivtrafikk og infrastruktur, og bakkar heilt ut.