Hopp til innhold

Mange ubesvarte spørsmål om privat ferjedrift

Det er mange ubesvarte spørsmål i arbeidet med privat ferjedrift over Høgsfjorden etter Ryfast-opninga i 2019. Nå blir jobben med å kartlegga trafikkgrunnlaget lyst ut på anbod.

Høgsfjord

Blir det framleis ferjedrift over Høgsfjorden etter Ryfast-opninga i 2019?

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ifølge ferjekonsulenten Forsand og Sandnes kommunar har hyra, er svar på kor stor trafikken kan bli den viktigaste jobben i arbeidet med å sikra ferjedrift mellom Oanes og Lauvvik – også etter Ryfast-opninga.

– Dette gjeld både kor mykje trafikk som vil gå i og utanfor turistsesongen, seier ferjekonsulent Lage Lyche, utan at han per nå vil meina noko om kva trafikkgrunnlaget bør vera for at sambandet skal vera levedyktig.

Fire interesserte

Lage Lyche

Ferjekonsulent Lage Lyche.

Foto: Privat

Planen er at ferjene mellom Lauvvik og Oanes skal slutta å gå når tunnelprosjektet Ryfast står ferdig mot slutten av 2019. Men kommunane Forsand og Sandnes ønsker at ferjetrafikken over Høgsfjorden skal halda fram – også etter opninga av verdas lengste undersjøiske vegtunnel.

Lage Lyche frå Norconsult er hyra som ferjekonsulent, og skal legga til rette for private ferjeaktørar, noko samferdsledepartementet har gitt grønt lys for.

– Det ser ut som at det er ein del interesse. Eg har høyrt om fire interessentar allereie. Det skal vera ganske interessant for fleire aktørar, seier han.

Spente på svara

Ole Tom Guse

Ole Tom Guse, pressetalsmann i Høgsfjord rutelag.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Høgsfjord rutelag er blant dei som er interesserte i ferjedrift over Høgsfjorden. Dei er derfor spente på svara på sin konsesjonssøknad og på svara frå trafikkanalysen.

– Svara er viktige fordi me skal henta inn kapital og me skal finna rett storleik på ferja. Me skal starta ferjedrifta basert på økonomiske vurderingar, så me er veldig spente på kva som kjem fram i trafikkanalysen.

Ei anna viktig avklaring blir bruken av dei statlege ferjekaiane som fylkeskommunen overtar ansvaret for etter Ryfast-opninga. Målsetjinga til ferjekonsulent Lyche er å ha sluttrapporten klar våren 2018, altså i god tid før Ryfast.

– Me går positivt inn i dette. I og med at det i alle fall er eitt samband i landet som blir driven på privat basis frå før, tenker eg at dette ikkje er umogleg.

Skal sjå på billettprisane

– Og så er det sikkert ein del som lurer på kva billettprisen blir i eit privat samband?

– Det er vanskeleg å svara på nå, men kva takst ein bør legga seg på er ein del av oppdraget vårt. Ein må finna ein pris som gjer det mogleg å driva med positivt resultat, samtidig som prisen ikkje avviser trafikk.

– Det viktigaste nå er å få på plass konsesjonen. Den håpar me å få på plass i fylkestinget til våren. I tillegg handlar det om tilgangen til ferjekaiane, seier Ole Tom Guse i Høgsfjord rutelag.

Rutelaget har som mål å trafikkera sambandet minimun 12 timar per dag, truleg frå 05.30-19.30, med halvtimes frekvens som i dag. Dette blir også tema for ferjekonsulent Lage Lyche.

– Dess lågare frekvens, dess større reisemotstand er det. Eit meir fleksibelt samband er også eit meir attraktivt samband for brukarane.