Hopp til innhold

Mange tomme sete på stadion i kveld

Viking Stadion
Foto: Øystein Otterdal / NRK

Publikumssvikten held fram. Foreløpig er over 5000 sete ledige til kampen mot Fredrikstad.

Stadion har kapasitet til å ta vel 16 000 tilskodarar, og til no har 11.000 kjøpt billett til kampen mot Fredrikstad i kveld.

Dei mørkeblå er i sesongopninga blitt stempla som keisame, og publikumssvikten held fram.

Før serieopningskampen mot Odd Grenland var det 4000 ledige bilettar to dagar før kampstart.

Før den kampen sa publikumsansvarleg i Viking, Morten Ristesund Sele at den første seriekampen har vore ein dei dårlegast besøkte kampane i sesongen.

Men publikum ser ut til å halde seg vekke og etter seriestartkampen.

Kva må til for at du vil stilla på stadion?