– Eg synest det er dårleg, seier Emilie Monsen.
Ho går tredje året på sjukepleiarstudiet i Haugesund. Fastlege er det umogleg å få i studiebyen. Derfor har ho fastlegen sin i heimbyen Bergen.
– Det blir ofte vanskeleg. Vi har mykje obligatorisk undervisning og praksis. Og då passar det sjeldan å dra heim for å gå til legen, seier Monsen.
For det krev planlegging når ein først må reise med buss, så med ferje, og så med buss igjen viss ein treng legen sin.
– Akkurat no har eg fått fastlege i nabokommunen Karmøy. Elles hadde eg måtta reise heim. Det er 50 mil herfrå, seier Merete Honningsvåg.
Ho skulle ønske det var ein student-fastlege dei kunne gått til.
– Det hadde gjort ting mykje enklare, seier studenten.
Det finst ein helsestasjon ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Haugesund. Men her jobbar ingen legar.
Foto: Rosa Irén Villalobos / NRKFryktar studentar droppar legen
Norsk Studentorganisasjon (NSO) får stadig førespurnader frå studentar over heile landet som ikkje får fastlege der dei studerer.
– Dette er ei utfordring fleire stader i landet, seier leiar Maika Marie Godal Dam.
Ho fryktar mange studentar droppar å bestille legetime når dei ikkje har fastlege i nærområdet.
Maika Marie Godal Dam, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO).
Foto: Skjalg Bøhmer Vold– Vi er bekymra for at studentar vel bort det å gå til legen når det blir praktisk vanskeleg, seier Dam.
Ho påpeikar at det også kostar å reise.
– Vi veit at studentar ikkje har noko særleg økonomisk slingringsmonn.
Lover løysing
Noreg har lenge hatt ei fastlegekrise, og 235.000 pasientar har ikkje fastlege, viser tal frå Legeforeininga. Regjeringa lovar no å løyse ho.
– Utfordringane i ordninga har utvikla seg over minst ti år, men vi skal ta ansvar for å løyse ho. Derfor er fastlegeordninga vår fremste prioritet i 2023-budsjettet, seier statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap).
Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt lovar at regjeringa skal løyse fastlegekrisa.
Foto: Esten Borgos– Forstår de frykta og reaksjonen frå Norsk Studentorganisasjon?
– Vi forstår at folk er utolmodige. Det er vi òg. Fastlegeordninga er og skal vere berebjelken i vår felles helseteneste. Samtidig er det slik at kommunane har plikt til å tilby nødvendig helsehjelp til alle som bur eller oppheld seg i kommunen, også til personar som ikkje står på ei fastlegeliste, seier Bjørkholt.
I Oslo har Samskipnaden eigne fastlegar for studentane. I Bergen og Trondheim finst avtalar med ulike legesenter. Her finst eigne lister reservert studentane.
Verken Stavanger eller Haugesund (eksterne lenkjer) har slike ordningar.
Tek problemet alvorleg
I Haugesund blir det jobba med å få til eit tilbod til studentane. Men førebels er ingenting klart.
– Vi tar problemet på alvor. Vi har mellom anna sett litt til Oslo. Men det er ein stor studentby. VI kan ikkje ha éin fastlege berre for studentar. Men vi jobbar med saka, seier helsesjef Tone Berntsen Steinsvåg.
Helsesjef i Haugesund, Tone Berntsen Steinsvåg.
Foto: Rosa Irén Villalobos / NRKHo forstår at studentane reagerer.
– Ja, dette er ikkje ein grei situasjon, seier helsesjefen.
Studentane Emilie Monsen og Merete Honningsvåg har aldri droppa å oppsøke helsehjelp.
– Eg har oppsøkt legevakt, og det var heilt greitt. Men det er betre å gå til ein lege som kjenner deg, seier Monsen.