

Om du hamnar i trøbbel til sjøs og ikkje får tak i nokon skal naudraketten vere til hjelp.
Ved å skyte opp eit raudt bluss som heng under ein liten fallskjerm eit par hundre meter over bakken vert du synleg lang veg. Då kan ein redningsaksjon bli sett i gang.
Men kva om det heng eit dusin slike bluss kring heile byen, slik det gjer på nyttårsaftan mange stadar?

Fyrverkeri er å sjå mange stadar på nyttårsaftan.
Foto: Birthe Bringsvor / NRKFyrverkeri er å sjå mange stadar på nyttårsaftan.
Foto: Birthe Bringsvor / NRKKan straffast med fengsel
Trass i at det skjer kvart nyttår er det ulovleg å skyte opp naudrakettar utan at ein er i naud.
Ifølgje straffeloven kan ein få seks månadar fengsel om ein utløyser ein redningsaksjon som følgje av å skyte opp ein naudrakett.
I 2017 vart ein mann dømd i Stavanger tingrett for nett det etter han fyrte opp eit bluss og utløyste full utrykking med ambulansebåt, helikopter og politipatrulje.



SAR Queen er helikoptera som nyttast i mange redningsaksjonar i Noreg.
– Dei fleste er falske
– Av dei som vert skotne opp nyttår vert nok dei fleste vurdert som å vere falske, seier Andreas Bull.
Han er operativ inspektør ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS). Han seier at ulovleg bruk av naudrakettar ikkje berre er, vel ulovleg, men også eit reint misbruk.
Når det no på nyttårsaftan kjem falske naudbluss, seier han at redningssentralen må gjere ei vurdering om det er ein reell naudssituasjon eller ikkje.
– Kjem det ein naudrakett opp over Stavanger sentrum kan vi truleg ikkje sende store ressursar inn for å leite, det vil vere heilt umogleg, seier Bull.
Men hamnar du i trøbbel ein stad der det er meir naturleg å ta i bruk naudrakettar, vil du få hjelp.
– Når vi får meldingar om naudrakettar utover havet eller over ein fjord, vil vi respondere heilt normalt på det, seier han.
Hovudredningssentralen koordinerer redningsaksjonar der til dømes redningshelikopter er involvert.
Foto: Arild Eskeland / NRKBer om at ein melder frå
Det å vurdere naudssituasjonar er noko Hovudredningssentralen gjer mykje. Det Bull fryktar er heller at publikum ikkje skal ta kontakt.
– Det vi er redde for er at folk ikkje melder ifrå om naudrakettar på nyttårsaftan fordi dei ser det som normalt at folk misbrukar naudrakettane nett den dagen, seier han.
Hittil i år har HRS Sør-Noreg hatt 60 aksjonar der personar i naud har bede om hjelp med naudrakettar.
– So har vi jo betydeleg fleire meldingar frå folk som ser ting. Mellom anna vert slike kinesiske lykter ofte mistolka som å vere naudrakettar, seier Bull.
Uansett er Bull tydeleg på at Hovudredningssentralen i år som alltid oppfordrar sterkt til å ikkje bruke naudrakettar med mindre ein faktisk er i naud – sjølv på nyttårsaftan.