NRK Meny
Normal

Fleire rektorar er misnøgde med strengare krav

Fråværet ser ut til å gå ned i den vidaregåande skulen grunna strengare krav. Likevel er fleire rektorar misnøgde med at elevar og foreldre ikkje kan eigenmelda sjukdom.

Illustrasjon

Dersom ein elev i den vidaregåande skulen har meir enn ti prosent fråvær i eit fag, må fråværet over ti prosent grundig dokumenterast for. Dette har fleire negative sider meiner rektorar NRK har vore i kontakt med.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

I ei spørjeundersøking NRK har gjort hos rektorar i den vidaregåande skulen i Rogaland seier om lag to av tre at dei er misnøgde med strengare krav til elevane om å dokumentera fråvær.

Gustav Løge Fosse

Gustav Løge Fosse er rektor ved Lundeneset vidaregåande skule i Ølensvåg.

Ein av desse er rektor, Gustav Løge Fosse, ved den kristne vidaregåande skulen Lundeneset i Ølensvåg.

– Elevar blir oppjaga over at dei kan mista karakteren sin med for mykje fråvær. Derfor sikrar dei seg med å få legeerklæring når dei er småsjuke, eller kjem dei på skulen småsjuke, når dei heller burde vore heime, seier Løge Fosse til NRK.

Forstår frustrasjonen

Slik regelverket nå fungerer så må fråvær over ti prosent i kvart enkelt fag vera dokumentert. Eigenmelding eller melding frå foreldre er ikkje nok, ved sjukdom må det vera legeerklæring.

Allmennlegeforeininga har bede Kunnskapsdepartementet om å endra reglane på grunn av meirarbeidet det gir for legar. Dei klandrar ikkje elevane, men regelverket. Løge Fosse forstår denne frustrasjonen.

– Me ønsker ikkje å belasta legekontora med unødvendige konsultasjonar ved heilt vanleg sjukdom. Det er forunderleg at verken vaksne elevar eller foreldre kan eigenmelda fråværet sitt, seier han.

Nøgd med mindre fråvær

Målet med dei nye reglane er å få ned fråværet, og sjølv om me ikkje har kome lengre enn til like etter haustferien så melder nesten alle 17 rektorane, som har svart på undersøkinga, at fråværet går ned.

Dette gleder statssekretær i Kunnskapsdepartementet Magnus Thue (H).

– Mykje tyder på at fråværet har gått ned mange stader, og det er me glade for. Men det er for tidleg å konkludera.

At fleire rektorar har vore lunkne i mottakinga av fråværsordninga er han ikkje overraska over.

– Det er både fordelar og ulemper med ei eigenmeldingsordning, men det er viktig å understreka at det er rom for å vera vekke utan dokumentasjon også i dag. Det er jo derfor me har sett grensa til ti prosent heller enn til null prosent. Viss ein legg eigenmelding på toppen av dette risikerer ein å opna for svært mykje udokumentert fråvær, seier han.

Reknar med at departementet følger med

Fylkeskommunen, som er eigar av dei 25 ordinære offentlege vidaregåande skulane i Rogaland, var kritiske til ordninga allereie då ho var ute på høyring.

Seksjonssjef for opplæringsavdelinga, Randi Hummervoll, seier at undersøkinga til NRK stemmer med hennar eiga oppfatning av korleis skulane har teke imot ordninga.

– Det som handlar om dokumentasjon er nok den delen som har skapt mest frustrasjon. Me reknar med at kunnskapsdepartementet har ei løpande evaluering av ordninga og eventuelle justeringar som må gjerast, seier Hummervoll til NRK.