NRK Meny
Normal

Mange på 8. mars-markering i Stavanger

600 personar møtte opp for å markera den internasjonale kvinnedagen i Stavanger. Kvinnegruppa Ottar er strålande fornøgde og merkar spesielt at unge engasjerer seg.

8.mars-markering Stavanger

Frå 8.mars-markeringa i Stavanger.

Foto: Kjersti Hetland

– Eg er strålande fornøgd med over 600 deltakarar i 8.mars.-toget. Dette stadfestar at det er stor opplutnad om sakene 8.mars-komiteen tar opp, seier Randi Mobæk, leiar av Kvinnegruppa Ottar i Rogaland.

Kravet om sekstimars-dagen, rettferdig pensjon og stans mot vald mot kvinner er saker som engasjerer, trur Mobæk.

Blant dei 600 i 8.mars-toget i Stavanger var det mange unge. Det gler Ottar-leiaren i Rogaland.

– Fleire unge engsjerer seg nå enn før. Unge menneske stiller opp, bryr seg og organiserer seg. Dette lovar veldig bra for framtida, seier Mobæk.

Tog frå Byparken

I Stavanger var det 8.mars-markering med oppmøte i Byparken klokka 17.30.

Toget gjekk frå Byparken, rundt Breiavatnet og opp til Folkets hus.

I Byparken var det hovudtale og apellar før kvinnekamptoget gjekk med følgande hovudparolar:

  • Kamp mot all kvinneundertrykking – for full kvinnefrigjøring
  • Norge må følge folkeretten
  • Forsvar asylretten
  • Stans Tyrkias terror mot kurderne
  • Kamp mot sexovergrep og rasisme
  • Gi beskyttelse til kvinner på flukt – sårbare som mennesker og som kjønn
  • Trygge aborter til alle verdens kvinner
  • Rettferdig pensjon - også for kvinner
  • 6 timersdag innen 2022 – 7 timers dag nå
  • Forsvar velferdsstaten, privatisering tapper det offentlige
  • Håndhev sexkjøpsloven
  • Fuck skjønnhetstyranniet – merk retusjert reklame
  • Stopp pornokulturen – styrk seksualundervisningen
  • Nei til kjønnsnøytral likestillingslov
8.mars-markering Stavanger

Mange har møtt opp til kvinnekamptog i Stavanger.

Foto: Kjersti Hetland