NRK Meny
Normal

– Barnehagefrist gir stress for gravide

I morgon er siste frist for å føda, dersom barnet ditt skal vera sikra barnehageplass. – Ein «deadline», som skaper unødig stress for kvinner med termin i desse dagar, ifølgje jordmor.

Barnehagefrist gir stress for gravide

VIDEO: Mange tar modningsakupunktur i håp om at det skal framskunda fødselen.

Det har vore travle dagar for jordmor Ragna Larsen ved privatklinikken Mamastork i Stavanger. Fleire gravide kvinner har dei siste dagane kome for å få modningsakupunktur, og alle er opptekne av det same.

– Kvinnene som har termin i månadsskifte spør masse om kva eg trur når det kjem til barnet deira. Dei lurer på om eg kan framskunda fødselen, eller om det er noko eg kan gjera, seier ho.

For om barnet skal vera sikra barnehageplass frå neste sommar, må det fødast innan sundag.

Ville hatt to opptak

– Det er kjempeviktig for mange å vita om dei kan koma tilbake i jobb neste september, eller om dei må få til kvasiløysingar, for å sei det på den måten, seier Larsen.

Ho seier at mange tar modningsakupunktur i håp om at det skal framskunda fødselen, men ho slår fast at behandlinga er for å gjera kvinna klar til fødselen.

– Forsking viser likevel at det er færre kvinner som har fått denne behandlinga, som må setjast i gang på overtid, og det er nok mange som heng seg opp i dette, seier ho.

Sjølv skulle ho helst vore utan auken av gravide som kjem sommar etter sommar, og ho meiner at barnehagefristen fører til ekstra stress.

– Mange har tankar rundt det og stressar med det. Eg skulle ønska at det i alle fall var to opptak i året, noko som hadde vore betre for jordmødrene og for kvinnene, seier jordmora, som også jobbar på fødeloftet ved Stavanger universitetssjukehus.

Den nye regjeringa har ytra ønske om å gjera noko med modellen for opptak i barnehage, som blei innført av den raudgrøne regjeringa, men så langt har ingenting skjedd.

Må satsa på svigermor

Ei anna som er skuffa over at det framleis berre er eitt barnehageopptak er Jorunn Lovise Husan frå Stavanger.

Jorunn Lovise Husan

Jorunn Lovise Husan når ikkje fristen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ho er gravid for andre gong, men har innsett at ho ikkje blir klar til sundag. Det er to små veker mellom fristen og termin, to veker som vil bety mykje for familien.

– Det hadde mykje betre om me kunne fått barnehageplass, eg skal innrømma det. Dersom ein får det slepp ein å måtta laga til lappeteppe og vera avhengig av svigermor for å få kvardagen til å gå opp, seier Husan.

Også ho meiner at det fører til stress for gravide.

– Det skaper litt stress, for du har å gjera med ein frist som får konsekvensar for heile familien. Det er keisamt, avsluttar ho.