NRK Meny
Normal

Rogalandsmaten herjar

Når to av tre delfinalar er unnagjort, viser matrettar frå Rogaland godt igjen i "Det norske måltidet".

Delfinale i "Det norske måltid" på Matstreif-festivalen i Oslo

14 nye matrettar gjekk til finalen i Det norske måltid i helga. Det skjedde under delfinale-arrangementet i samband med Matstreif-festivalen. Sigve Skretting blir intervjua av Ingveig Tveranger

Foto: Det Norske Måltid

Kategorien "Årets villfanga sjømat" er alt avgjort. Det skjedde i Bergen og der gjekk ferske reker frå Sirevaag AS til topps.

Men også i dei andre klassane som foreløpig er klare, så gjer matrettar frå Rogaland det skarpt. Så langt framme er maten frå dette fylket at sju forskjellige godbitar har tatt seg fram til den endelege finalen.

Matstreif i helga

Denne helga blei det arrangert Matstreif i Oslo og i delfinalen her gjekk fire produkt frå Rogaland til topps og altså vidare til finalen i Stavanger i januar 2016.

Årets "foredla sjømat", blei vunnen av "Absolut tradisjon røykelaks" frå Mikals Laks AS i Hjelmeland.

Slik gjekk det i fjor: Rogaland gjør det skarpt i matkonkurranse

i klassen "det grøne, naturelle", gjekk "Snackpaprika" frå Miljøgartnerieet i Hå til den endelege finalen frå konkurransen i Bergen. Der møter dei utfordringa frå "Sjitne gulerøde" frå gartneriet på Wiig.

Vaktelkjøtet frå "Ryfylke vaktel" sikra finaleplass i klassen årets kjøt. I den finalen møter dei også "Jæren smak ribbe" frå Prima Jæren i Hå.

Til finale frå Bergen

Rogalandsdominansen var endå større i delfinalen i Bergen for ei veke sidan. I tillegg til dei som alt er nemnde, så gjekk "Skinka frå Suldal" vidare til endeleg finale, i klassen "årets foredla kjøt",

Frå delfinalen i Det norske måltid i Bergen, september 2015

: Frå venstre: Kjøkkensjef ved Alvøparken Trude Norevik, dagleg leder ved Gastronomisk Institutt Tommy Raanti, kokk Hanne Frosta, juryleiar Anders Rødseth Isager, Adam Schive Bjerck frå Adams Matkasse og leder for Bergen Matfestival bønder i bydn, Gunnar Nagell Dahl.

Foto: Det Norske Måltid

I kategorien "Årets ost", er Bo Jensen klar for finalefeltet med Fjellgeit-osten sin.

– I mange år fekk matfylket Rogaland kritikk for at det ikkje hadde nokon spesialitetar å varte opp med. Nå ser me at dette endrar seg. I fjor var det mange finalistar frå fylket. Dette året blir det endå fleire, seier prosjektleiar Sigve Skretting.

Trondheim til sist

Då står att berre Mathallen i Trondheim og konkurransen der komande torsdag den 17. september. Også der kjem fleire matprodukt frå Rogaland til å kjempa om juryen sin gunst.

Les også: Hvilken turisthytte byr på den nydeligste matopplevelsen?

24 finaleprodukt er alt klare. Dei siste ni skal kårast på torsdag. Då er det 33 produkt i 11 klassar som er klare til finalevurdering.

Den finalen finn stad i Stavanger, den 8. januar 2016.