NRK Meny
Normal

Vel skulebenken etter å ha mista oljejobben

Mange som har mista jobben i olja i Rogaland har ikkje vidaregåande utdanning. Nå fullfører dei vidaregåande i regi av vaksenopplæringa for å kunne få ein ny start i arbeidslivet.

Jane Dalane førebur seg til sin første eksamen for å få fagbrev i kontorarbeid.

Jane Dalane førebur seg til sin første eksamen for å få fagbrev i kontorarbeid.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg tok eitt år på vidaregåande, på linja for handel og kontor. Eigenleg hadde eg planar om å gå fleire år, men så var det andre ting som var kjekkare, så då begynte eg å jobba i staden.

44 år gamle Jane Dalane tenkjer på det som skjedde for meir enn 25 år sidan.

Nå sit ho ved spisebordet i stova si på Hommersåk i Sandnes, og gjer lekser. Men på slutten av 1980-talet var det jobb og eigne inntekter som lokka mest.

Jobb var mest spennande

Aker Solutions

Jane Dalane jobba i Aker Solutions. Bildet viser nybygget i Hinna bydel i Stavanger, som blei opna i 2012.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Eg blei utplassert på Statoil og etterpå gjekk eg vidare og fekk nye jobbar i andre oljeselskap, fortel ho.

Etter nokre års opphald frå arbeidslivet og etter barnefødslar og utanlandsopphald, blei ho for fem år sidan konsulent i Conoco Philips. Og då fireårsregelen slo inn, måtte ho gå derfrå.

– Etterpå har det vore tøft å koma tilbake i arbeidslivet, seier ho nå.

Er på bar bakke etter oppseiing

I løpet av dei to siste åra har om lag 20 000 personar mista jobben i oljeindustrien i Norge. Ingen stader har fleire i denne sektoren blitt arbeidslause enn i Rogaland.

Eg satsar på at eg skal stå litt sterkare når eg får fagbrevet til sommaren...

Dette har ført til auke i søknadsmengda til vaksenopplæringa på nærare 40 prosent.

Sveinung Valen, seksjonssjef Opplæring, Rogaland fylkeskommune

Sveinung Valen, seksjonssjef Opplæring, Rogaland fylkeskommune, merkar at mange fleire enn før søkjer seg til vaksenopplæringa.

Foto: Rogaland fylkeskommune

– Ein god del av dei som utgjer denne auken kjem frå området handel og kontor, og har jobba administrativt i oljeselskap i mange år, fortel Sveinung Valen, seksjonssjef i opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune.

Mange av desse har ikkje fullført vidaregåande skule tidlegare. Dei har kanskje berre eitt grunnkurs.

–Etterpå har dei jobba i mange år og stige i gradene. Men så blei dei sagt opp og sit nå utan jobb og utan formell kompetanse, fortel Valen.

Til sommaren har Jane Dalane fagbrevet i handa.

Til sommaren har Jane Dalane fagbrevet i handa.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Må få ein ny start

Jane Dalane har søkt på jobbar i eitt år nå, utan å få napp.

– Møter du mange spørsmål frå arbeidsgjevarar, om du har vidaregåande eksamen, når du søkjer på jobb?

– Det veit eg ikkje, for eg kjem ikkje så langt som til intervju. Eg får berre avslag på avslag. Der er så mange å velje i som alt har vidaregåande. Men eg satsar på at eg skal stå litt sterkare når eg får fagbrevet til sommaren, seier Jane Dalane.