Søndag var det nemleg open dag i Egersund vindpark og interesserte kunne velja mellom tre bussturar til parken mellom klokka 11 og 16.
May Sissel Nodland var ei av dei over 100 påmelde. Ho er ein av grunneigarane i vindmølleparken.
– Eg synst det er spanande å følgja utviklinga, og eg synst dei gjer eit kjempefint arbeid. Det er laga mange fine vegar som gagnar både landbruket i heia og publikum som får mange nye turvegar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
19 kilometer veg snart bygd
Egersund vindkraftverk er plassert ved Åseheia og Kolldalsheia i Eigersund kommune, om lag 5–8 kilometer aust for Egersund by. Totalt skal det reisast 33 vindmøller og heile prosjektet har ein prislapp på om lag 1,2 milliardar kroner.
Alle vegane til vidmøllene er snart ferdig bygde (totalt 19 kilometer). I desse dagar går det føre seg kablingsarbeid, og i tillegg er fundamenterings-arbeidet til vindmøllene i gang.
– Eg trur det blir ein fantastisk park i flott natur. Me skal produsera om lag 400 GWh i året, noko som tilsvarer eit årsforbruk til 20.00 husstandar, fortel driftsleiar Torfinn Tuen i Norsk Vind Energi.
– Ikkje støy
Han er glad for den store interessa for den opne dagen i parken og trivst godt i rolla som guide.
– Korleis vil folk i Egersund merka parken?
– Folk i Egersund vil ikkje merka noko. Dei vil sjølvsagt sjå møllene, men vil ikkje oppleva støy.
Driftsleiaren meiner inngrepa parken har i naturen ikkje er så store, og påpeikar at bøndene i området nå får tilgang til nye område gjennom vegane som blir bygde til parken.
– Framtida for Egersund
Liv Solli er også blant dei som la søndagsturen til Kolldalsheia. Herfrå ser ho heilt til heimen sin på Varden i Egersund.
– Eg synst dette er eit spanande prosjekt. Eg trur dette er framtida for Egersund, og eg trur det blir bra. Men det er ein stor jobb som skal gjerast.
– Du er ikkje redd for støyen?
– Nei, eg trur dette er noko for framtida og noko som gagnar regionen.
Heile vindmølleparken skal vera komplett innan utgangen av 2017, men første vindmølle skal produsera straum frå 17. mai.