Hopp til innhold

Mange har meldt seg om pantemillionen

Mange som lurer på om dei er den heldige vinnaren av pantemillionen i Skånevik, har meldt seg. Men foreløpig er det ingen som kvalifiserer til å ta imot milliongevinsten.

Panteautomat Skånevik

Siste veka i september vann nokon på pantelotteriet på Spar-butikken i Skånevik, truleg utan å vera klar over det.

Foto: Thomas Halleland

– Det har vore ei rekkje menneske som har kontakta vår tekniske support, Røde Kors og meg direkte. Men ingen kvalifiserer så langt til å vera rett mottakar av milliongevinsten, seier dagleg leiar i Pantelotteriet, Gaute Langdal.

Det var i slutten av september ein person vann ein million i pantelotteriet på Spar-butikken i Skånevik i Sunnhordland – utan å vera klar over det.

Må vera hundre prosent sikre

I alle fall har ingen vinnar meldt seg i det som har blitt eit nasjonalt pantemysterium.

Langdal i Pantelotteriet seier det må til svært god dokumentasjon for å få utbetalt milliongevinsten.

– Me må vera hundre prosent sikker på at det er rette vedkommande me eventuelt utbetalar gevinsten til.

– Stor merksemd

Rolf Vassbrekke er dagleg leiar for Spar-butikken som har fått merksemd i fleire nasjonale medium dei to siste vekene på grunn av det uløyste pantemysteriet.

– Merksemda blei stor, men det er kjekt. Det tok litt av første veka, men har roa seg nå.

Han trur folk flest har fått med seg at dei skal kontakta Pantelotteriet direkte, og ikkje butikken, om dei trur dei har vinnarkvitteringa.

– Det er sjølvsagt nokon som fleipar litt om at dei har vunne, men det er ikkje seriøst, humrar butikksjefen.

Kven er pantemillionæren?

ARKIV (04.10.2016): Sjå tv-reportasjen om det uløyste pantemysteriet i Skånevik.

Gyldig i 90 dagar

Pantelotteriet har kunnskap om både tidspunktet for pantinga som gav milliongevinst og kva som blei panta.

– For å komma gjennom nålauga må ein i alle fall kunne svara på dette korrekt. Det vil også styrka saka om ein kan legga fram ein kvittering frå butikken eller dokumentera at ein var i området. Ingen har vore i nærleiken av å kunna svara på dette til nå, fortel Langdal.

I utgangspunktet er ein gevinst gyldig i 90 dagar. Dersom ikkje rett vinnar har meldt seg innan då, går gevinsten til føremålet, altså Røde Kors.

Langdal har lite tru på at dei klarer å oppklara mysteriet.

– Sjansane for å finna rett person begynner å bli veldig avgrensa. Det er derfor nærliggande at me i løpet av få veker overfører denne gevinsten til Røde Kors.