Hopp til innhold

– Etter «Fifty shades» sel me frekke julegåver som aldri før

Kondomeriet meiner bestseljarboka får nordmenn til å kjøpe sex-leiketøy som julgåver.

Frekke julegåver

HARDE PAKKAR: Dagleg leiar for Kondomeriet på Kvadrat, Nina Therese Bratteteig, fortel at mange vil få harde pakkar under treet, eller under dyna, til jul i år.

Foto: Ragnhild Ås Harbo / NRK

Fifty Shades of Grey Men

«Fifty shades»-trilogien har blitt populær i norske heimar.

Foto: NTB Scanpix

– Før eg las boka kunne eg nok ikkje blitt tent på å bli bunden fast, men nå trur eg kanskje eg kunne det, seier Sara inne på Kondomeriet på kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes.

I handa har ho bindeutstyret innpakka i ei eske, kanskje blir den julegåve til ho sjølv og mannen.

Boka som har inspirert Sara er bestseljaren «Fifty Shades of Grey». Etter den erotiske trilogien blei stoverein, og fekk innpass i norske heimar, meiner leiinga ved Kondomeriet at den pregar den norske julegåvehandlinga.

Berre på Kondomeriet i Sandnes har dei hatt ein salsvekst på 30 prosent sidan bøkene kom ut i august.

Folk kjøper sex-leketøy som julegaver.

Fifty shades gir økt salg av sex-leketøy

Fetish-leiker

– Det er spesielt fetish-ting me sel meir av etter boka kom ut, fortel salssjef Eva-Milana Hodne Ellingsen.

Bøkene handlar nemleg om ei ung jente som falle for den mystiske, dominante Mr. Grey og lar seg underkasta seksuelt. Boka har blitt ein bestseljar over heile verda.

Med jula rett rundt hjørnet, er dagleg leiar Nina Therese Bratteteig sikker på at mange av artiklane dei sel vil hamna i innpakningspapir.

Men om dei harde pakkane hamnar under treet, eller gøymd under dyna er ho usikker på.

– Eg veit ikkje om dei vil leggja det under treet. Kanskje dette heller er gåver dei finn fram etter gjestene har gått heim, og kvelden meldar seg, seier Bratteteig.

►Bli med Sara på Kondomeriet:

– Etter «Fifty shades of grey» sel me frekke julegåver som aldri før, seier Nina Therese Bratteteig ved Kondomeriet i Sandnes. Ho meiner bestseljarboka har gjort nordmenn på julegåvehandel frekkare.

►HØYR RADIOSAKA: Sara blir tent på å bli bunden etter å ha lese «Fifty Shades of Grey».

Kjekkare sex-liv

Sjølv om sex-leiketøy kanskje ikkje er så daglegdags at de blir pakka opp framføre grandtanter og litlebrør i 2012, så har nordmenn blitt frekkare meiner Hodne Ellingsen.

– Før var folk litt flaue over å koma fram til disken, spesielt om det var fetish-ting dei hadde kjøpt. Etter boka har folk blitt mykje meir opne rundt dette, og er ikkje lenger like flaue, seier ho.

Sara er også interessert i vaginakulene som ligg i hylla rett ved sida av piskane og augebanda. Artiklar som alle er representerte i boka.

– Det var ei svært interessant bok, og eg las ho ut på to dagar, seier Sara.

Den daglege leiaren på Kondomeriet meiner det berre er positivt at så mange folk i ulike aldrar les dei erotiske bøkene.

– Folk har nok fått eit mykje kjekkare sex-liv nå, seier ho.