Hopp til innhold

– Arbeidsgjevarar kan gjera mykje for å få ned talet på drepne i trafikken

Ei av tre dødsulukker som skjer på vegen skjer når folk er på jobb, ifølgje tal frå Trygg Trafikk. Dei meiner at dette kan endra seg dersom bedriftene tek tak.

Ingrid Lea Mæland

VIL NÅ UT TIL BEDRIFTSLEIARAR: Ingrid Lea Mæland er distriktsleiar i Trygg Trafikk Rogaland. Saman med Fylkestrafikksikkerhetsutvalget i Rogaland inviterer ho til konferansen «Hald ei hand på rattet når dine tilsette køyrer bil».

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dette handlar ikkje berre om yrkessjåførar, men også heimesjukepleiarar, tømrarar, journalistar, avisbodet og så vidare. Faktisk så har 85 prosent av alle norske bedrifter tilsette som er ute i trafikken, seier Ingrid Lea Mæland, som er distriktsleiar i Trygg Trafikk Rogaland.

Ho meiner at det er mykje å gå på hos bedriftene når det kjem til trafikktryggleik, og at liv kan sparast dersom arbeidsgjevarar i større grad tek tak.

Trafikktryggleik som HMS

Ifølgje Trygg Trafikk sine tal så er nemleg 36 prosent av alle dødsulukkene i trafikken arbeidsrelaterte.

– Arbeidsgjevarar kan gjera mykje for å få ned talet på drepne i trafikken. Eit tiltak kan vera å få større fokus på trafikktryggleik inn i HMS-arbeidet sitt.

Ho seier at det finst fleire bedrifter som har utarbeida forskrifter for korleis dei skal setja opp ein stige, men ikkje korleis dei skal køyra eller parkera firmabilen.

Systematisering og kartlegging

Ho meiner at dersom køyring i arbeidstida var ein større del av dette ville ein kunne rapportere inn hendingar og nestenulukker og på den måten skaffa seg meir kunnskap om når dei farlege situasjonane skjer.

– Sei at ei i heimesjukepleia ryggar i ein stolpe. Det kanskje berre flaks at denne stolpen ikkje er eit barn, og dersom ein då tek denne hendinga på alvor og registrerer den, så vil ein kanskje finna ut kvifor ho rygga på stolpen. Kanskje var det fordi ho har det så travelt på jobb, seier Lea Mæland.

Ho fortel også at dei har erfaring med at materielle skadar på bedrifter sine køyretøy går ned etter dei har heldt kurs i korleis ein skal ferdast i trafikken.

– Me veit også at arbeidstilsynet i større grad skal gå bedriftene etter i saumane når det har skjedd ei trafikkulukke i arbeidstida. Vanlegvis blir sjåføren klandra, men nå skal ein også sjå kva bedrifta har gjort for å førebygga ulukker i trafikken, seier ho.

Nå inviterer Trygg Trafikk saman med Fylkestrafikksikkerhetsutvalget i Rogaland til konferanse for bedriftsleiarar i Stavanger, der dei ønskjer å setja fokus på dette.